Vil leggje Nordfjord under tingretten i Volda

Søre Sunnmøre tingrett i Volda vil leggje Hornindal, Stryn, Eid, Vågsøy og Selje under seg. Dette går fram i eit brev Søre Sunnmøre tingrett har skrive til domstolsadministrasjonen

Søre sunnmøre tingrett

SAMANSLÅING: Søre Sunnmøre tingrett ønskjer å få leggje fleire nordfjordkommunar under seg.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

I brevet til domstolsadministrasjonen blir det vist til at Kvivsvegen og Eiksundsambandet har ført til langt kortare reisetid frå Nordfjord til Volda og frå ytre søre Sunnmøre til Volda.

Frå brevet til domstolsadministrasjonen

KORTARE VEG: I brevet til domstolsadministrasjonen argumenterer Søre Sunnmøre tingrett med at reiseavstanden frå Nordfjordeid til Volda er om lag halvparten av den Fjordane tingrett brukar frå Førde i dag.

Foto: Skjermdump / NRK

«Den norske stat har investert milliardar av kroner på desse vegprosjekta, og har med dette danna ein storregion med Volda som naturleg geografisk regionsenter», heiter det mellom anna.

– Dersom Domstoladministrasjonen har tenkt å behalde rettslokalet på Nordfjordeid, bør Søre Sunnmøre tingrett betene rettslokalet der. Tingretten i Volda kan setje rett i lokale på Nordfjordeid kvar dag, og om det er saker til det, utan overnatting, seier Marthe Sleire Vatne, tillitsvald ved tingretten i Volda.

Nordfjordrådet avviser frieriet

Ordførarane i Nordfjord let seg derimot ikkje begeistre av forslaget frå nabofylket. Saka var denne veka oppe til diskusjon i Nordfjordrådet, og kommunane gjekk samrøystes inn for å avvise forslaget.

– Vi har sagt klart frå tidlegare at vi ikkje ynskjer ei slik løysing. Vi vil bygge vidare på dagens modell, med eit samarbeid i Fjordane tingrett, med aktivitet både i Førde og på Nordfjordeid, seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo.

Nordfjordrådet, som samlar alle kommunane i Nordfjord, er også klare på at ein ynskjer å halde på dagens modell for å sikre kompetansemiljøet og samarbeidet ein har med jordskifteretten.

– Vi vil halde oppe lokal aktivitet og kompetansearbeidsplassar i Nordfjord. Vi har eit godt samarbeid i fjordane og Sogn og Fjordane, som vi ynskjer å arbeide vidare på, seier Bjørlo.

Rettskretsen til Søre Sunnmøre tingrett omfattar i dag kommunane Vanylven, Sande, Herøy, Volda og Ørsta. Forslaget om å ta opp dei nordlegaste kommunane i Sogn og Fjordane vil føre til at Søre Sunnmøre tingrett vert rettskrets for to ulike politidistrikt. Det er òg tilfelle i dag, sidan Vanylven kommune høyrer til Sogn og Fjordane politidistrikt.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.