Hopp til innhold

Vil leggje ned for å spare 750.000

Fylket vil kutte toppidrettssatsinga for å spare pengar. Dei kjem til å tape pengar, påstår forkjempar.

Johannes Thingnes Bø

ELEV: Johannes Thingnes Bø, som står med verdscupsigrar og NM-gull for seniorløparar allereie før han sjølv er senior, var elev ved toppidrettssatsinga som no kan forsvinne.

Foto: Rune Fossum / NRK

Alle er einige om at det har vore ein suksess. Men likevel er skulelina som førte Johannes Thingnes Bø til toppen, nedleggingstruga.

– Det er jo heilt idiotisk, seier Erlend Myklebust.

Han er frå Nordfjordeid og går i skispora til Johannes, på tredje året ved det spissa idrettstilbodet i Stryn. Allereie har han sikra seg ein sjetteplass i Norgescupen på Voss.

– Det har vore heilt fantastisk. Det er tre kjekke år i Stryn. Du får trene heile dagen, og trene kvar einaste dag. Det gjer at skuledagen går mykje lettare, seier Myklebust.

Vellukka, men vil spare pengar

Ut frå dei valde evalueringskriteria er det fylkesdirektøren si vurdering at «Spissa idrettstilbod i vidaregåande opplæring for potensielle toppidrettsutøvarar» ser ut til å ha fungert godt. Søkinga har stort sett vore god, det har vore reduksjon i søkinga til toppidrettstilbod i andre fylke, og det er lagt fram dokumentasjon på gode idrettsprestasjonar.

På bakgrunn av dei økonomiske utfordringane for fylkeskommunen finn fylkesdirektøren likevel ikkje å kunne tilrå vidareføring av tilbodet. Det betyr at det ikkje vert teke inn nye elevar til vg1 til skuleåret 2015 -2016.

Tilbodet gjeld ungdommar som vil kombinere vidaregåande opplæring med sin idrett. Anten det er fotball i Sogndal, volleyball i Førde eller skiskyting i Stryn. Men no vil fylkesopplæringsdirektør Bekka Skaasheim leggje det ned.

– Det spissa idrettstilbodet som vi har hatt er absolutt vellukka, og det syner evalueringa. Samstundes er det slik at når fylkeskommunen no skal spare for å møte dei framtidige rammene vil det sjølvsagt få konsekvensar.

– Kor mykje vil ein spare på å leggje det ned?

– Vi vil spare 750.000 kroner.

(Artikkelen held fram under biletet)

Skiskyttarar

ELEVAR: Erlend Myklebust, Helge Kvam Karbø og Mari Sollid Eide ved skiskyttarlina i Stryn, som snart kan vere historie

Foto: Silje Guddal / NRK

– Vil tape pengar på å leggje ned

Men kva viss det likevel ikkje var pengar å spare på å leggje ned det som alle er einige om er vellukka?

Det er nettopp det forkjemparane hevdar. Dei fortvilar over at eit velfungerande tilbod no ligg på kuttbenken i fylkespolitikarane, og hevdar fylket vil tape meir enn dei sparar på å leggje ned toppidrettstilbodet i den vidaregåande skulen.

– Etter det eg greier å rekne ut går vinninga veldig opp i spinninga. Ein sparar pengar i den eine enden og taper ganske mykje meir i den andre.

Torstein Tvinnereim er seksjonskoordinator for idrett ved Stryn vidaregåande skule. Han uttaler seg på vegner av skulen i samråd med rektor, og seier dei tykkjer det er trist.

– Når ungdomar reiser ut av fylket på eit privat toppidrettsgymnas taper fylket overføringar. Det går fram av saksframlegget at ordninga med spissa satsing på skiskyting, fotball og volleyball har fungert etter intensjonane. Det har vorte færre elevar som søkjer ut av fylket.

Ikkje samde om reknestykket

For kvar elev frå fylket som vel å gå på eit privat toppidrettsgymnas, tapar fylkeskommunen 92 100 kroner. Poenget til Tvinnereim er at om ein gjennom denne ordninga greier å hindre berre 3 elevar i året frå å flytte ut i tre år, vil den vere nærmast sjølvfinansierande.

– Pengane vi har brukt trur eg vi har spart inn att, og kanskje dobbelt av det.

Men fylkesdirektør Skaasheim seier det ikkje er så mange som vel private gymnas.

– Det er sopass få at eg ikkje trur det er utslagsgjevande i forhold til dei store utfordringane vi står framføre, seier ho.

– Må ha eit tilbod

Jarle Midthjell Gjørven

TALENT: Jarle Midthjell Gjørven var elev i Stryn.

Foto: Rune Fossum / NRK

Elev Erlend Myklebust peikar på sine forgjengarar for å forklare kvifor ordninga må leve vidare.

– Vi har fantastiske utøvarar og fantastiske trenarar, som til dømes Johannes Thingnes Bø og Jarle Gjørven som har gjort det veldig godt, både nasjonalt og internasjonalt.

– Men når fylkeskommunen no må spare over 200 millionar; er det ikkje då naudsynt å kutte også i ting ein likar?

– Det går på innbyggjarane til slutt. For innbyggjarane må jo ha eit tilbod i fylket. Dersom ein berre skal kutte ned og tenke økonomisk heile tida blir det slutt på innbyggjarane også, seier Myklebust.

Hovudutval for opplæring skal avgjere om idrettstilbodet skal leggast ned eller leve vidare i sitt møte i morgon.