Hopp til innhold

Vil leggje ned på Hermansverk

Bioforsk, eller tidlegare Planteforsk, vurderer å legge ned forskningsstasjonen Njøs på Hermansverk. Ni personar mister arbeidet dersom forslaget blir vedteke av Bioforsk-styret i juni.

Bioforsk Njøs.
Foto: NRK

Bioforsk, eller Planteforsk Njøs som det heitte før, er eitt av dei eldste forskingsmiljøa innan landbruk i Norge. Alt i 1920 vart det etablert ein stasjon på Leikanger. Men no kan den snart vere historie.

Landbruksdepartementet har nemleg godkjent at Bioforsk-styret må gjere naudsynte omstillingar for å kome i økonomisk balanse innan fire år. Kva styret bestemmer seg for blir klart på eit møte 14. juni. Men mykje tyder på at arbeidsplassane på Leikanger blir flytta til UIlensvang i Hardanger.

- For mange avdelingar

Direktør Harald Lossius seier dei må spare pengar og at det difor vil vere lønsamt å flytte avdelinga i Sogn til Hardanger. 

- Vi har aldri vurdert å leggje ned eller endre status på avdelinga i Ullensvang. Men vi vurderer om det er mogeleg å flytte aktiviteten frå Njøs til Ullensvang. Prinsippielt ønskjer vi å ha eit så nært forhold som mogeleg til alle i næringa. Men utfordringa vår er at vi har 15, til dels små lokalitetar med dyr infrakstruktur spreidde kringom i Norge. Med den oppdragsmengda vi ser for oss i framtida, er det vanskeleg å forsvare så mange lokalitetar, er hans forklaring.

- Ikkje bra for næringa

Forskningsleiar på Hermansverk, Nina Heiberg, er uroa for situasjonen og seier dei vil jobbe knallhardt for å behalde arbeidsplassane i Sogn. Ho ser at det brenn eit blått lys for stasjonen, men har langt ifrå gjeve opp kampen for tilveret.

- Innanfor frukt- og bærproduksjon har Sogn og Fjordane ein stor vekst i verdiskapinga. Næringa vil tape på dei mister forskingstasjonen sin.

- Vi har hatt møte med bærmottaka i Sogn og Nordfjord, der denne industrien står sterkast, og dei har skrive brev til Bioforsk, bondelaget og bonde- og smårbrukarlaget. Fylkesordføraren har og skrive til departementet. Departementet seier dei vil satse på norsk planteforedling, noko som er ein stor del av aktiviteten her på Njøs, forklarar Heiberg.

Fremst i landet

Sogn og Fjordane er leiande på bærproduksjon. Mykje av æra har forskingsstasjonen på Njøs, som har eit tett samarbeid med bærdyrkarane. Heiberg håpar dette er argument som vert  høyrde når styret skal bestemme seg.

Elles skal det i denne omgang ikkje vere aktuelt å gjere noko med Bioforsk sin stasjon på Fureneset i Fjaler.