Hopp til innhold

Har investert nær 260 millionar i skulane - no kan dei bli lagde ned

Dei siste ti åra har det blitt brukt nær 260 millionar kroner på å ruste opp fleire av dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane. No kan dei same skulane bli nedlagt.

Stryn vidaregåande skule

130 MILLIONAR KRONER: Har fylkespolitikarane brukt på den nye vidaregåande skulen i Stryn. No kan den same skulen bli lagt ned.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Sidan 2003 har fylkespolitikarane valt å bruke millionar av kroner på å modernisere fleire av dei vidaregåande skulane i fylket.

På skulane i Stryn, Måløy, Høyanger og Dale har dei brukt nær 260 millionar kroner. Utbyggingane har skjedd samtidig som fylkespolitikarane har vore klar over at elevtalet vil gå kraftig ned i åra som kjem, og no er fleire av skulane føreslått nedlagde.

Nadia Kvamme som er elevrådsleiar ved Stryn Vidaregåande skule er svært opprørt over at skulen deira kan bli nedlagd.

– Det er ein ekkel tanke å tenkje på. Vi har ein utruleg bra skule, den er veldig moderne, seier Kvamme til NRK.no.

Føreslår drastiske kutt i skulestrukturen

Tidlegare denne veka kom skulerapporten som har fått både rektorar og elevar til å reagere. Elevtalet i den vidaregåande skulen i Sogn og Fjordane er venta å gå kraftig ned den kommande åra, og fylkeskommunen får difor mindre pengar å bruke på vidaregåande skule.

Dei har difor bede Norconsult sjå på moglege alternativ for korleis å kutte i skulestrukturen. Rapporten vart lagt fram på tysdag og hadde tre forskjellige modellar for korleis skulestrukturen skal vere i Sogn og Fjordane i framtida.

I ein av modellane frå konsulentselskapet blir det føreslått å leggje ned sju av dei 13 vidaregåande skulane som i dag er i fylket. Dette er skulane i Årdal, Luster, Høyanger, Dale, Jølster, Stryn og Måløy.

(Artikkelen held fram under biletet)

Norvall Nøringset

IKKJE BORTKASTA: Norval Nøringset er stolt over satsinga på den vidaregåande skulen, og vil ikkje gå med på at pengane som er blitt brukte på opprusting er bortkasta.

Foto: Vegar Erstad / NRK

– Investerte i god tru

Tal NRK har henta inn viser at fylkeskommunen sidan 2003 har brukt nær 260 millionar kroner på fem av dei skulane som no er føreslått nedlagt. Mellom anna fekk Stryn eit nytt og moderne skulebygg til 130 millionar kroner som stod ferdig i 2007.

Norvall Nøringset som er leiar i hovudutvalet for opplæring seier fylkespolitikarane har investert i skule i god tru. SV-politikaren vil ikkje vere med på at dette er bortkasta pengar.

– Investeringane vart i si tid vedteke av fylkestinget i særdeles god tru på at dette var fornuftig for framtida.

– Den gong var det fornuftig og godt tenkt, om vi ser annleis på det i dag, det veit eg ikkje, seier han.

– Nyttar ikkje vere etterpåklok

Han er klar på at ein ikkje kjem nokon veg med å vere etterpåklok. På spørsmål om ein slik pengebruk kan vitne om dårleg planlegging når dei same skulane kan bli nedlagde kort tid etter, svarar han slik.

– I etterpåklokskapen lys så ser ein kanskje at ein kunne brukt pengane annleis, men no er vi i den situasjonen.

– Eg trur bygningsmassen vil komme godt med uansett, kanskje blir bygga framleis brukte til skule, seier Nøringset til NRK.no.

Nøringset vil ikkje forskottere utfallet i saka og seier dei politiske partia no må diskutere forslaga kvar for seg. Det er fleire moment som truleg vil verke inn på avgjerda til politikarane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Norconsult føresler å leggje ned skular.

PRESSEKONFERANSE: Dan Lysne (frå høgre) og Tonje Eide Kristiansen presenterte rapporten frå Norconsult under ein pressekonferanse tysdag.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Fryktar fleire skal droppe ut av skulen

Om fleire av dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane blir lagde ned, vil det naturleg nok føre til at fleire ungdomar må pendle eller flytte for å kunne gå på den linja dei vil.

Leiar i Elevorganisasjonen i Sogn og Fjordane, Anna Sleppen, meiner forslaga om skulekutt er for drastiske. Ho har sagt til NRK.no at ingen av forslaga er gode nok for elevane i fylket.

– Vi risikerer at fleire må flytte på hybel, og dermed eit auke i elevar som fell frå vidaregåande opplæring, seier Sleppen.

– Det er viktig at elevane ikkje må reise langt heimefrå for å gå på skule. Konsekvensane av å flytte på hybel i så ung alder kan vere mistrivsel, mangel på motivasjon, og økonomiske problem, som etter kvart kan føre til auka fråfall i vidaregåande opplæring, seier Sleppen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Nadia Kvamme

OPPRØRT: Nadia Kvamme er elevrådsleiar ved Stryn vidaregåande skule. Ho seier elevane er svært opprørte over dei føreslåtte skulekutta.

Foto: Birger Meland / NRK

– Utruleg trist

På Stryn vidaregåande skule seier elevrådsleiar Nadia Kvamme at det er ei tung tid for elevane. I to av tre modellar blir altså deira skule føreslått nedlagt.

– Eg synest det er utruleg trist at på to av modellane så vil dei leggje ned skulen vår. Eg trur alle elevane storkosar seg på denne skulen, seier Kvamme.

Stolt over satsinga

Norvall Nøringset som er leiar i hovudutvalet for opplæring seier konsekvensutgreiinga no må gi politikarane dei svara dei treng for å ta ei avgjerd. Uansett blir den tøff.

– Vi kjem ikkje utanom å ta nokre tunge avgjerder, seier han og legg til:

– Vi har satsa veldig mykje på vidaregåande skule dei siste ti åra, og det er eg stolt over. Så kan ein seie at ein ikkje burde ha gjort det, men eg trur vi har fått den gode skulen fordi vi har satsa, seier han.

Det er planutvalet i fylkeskommunen som 7. november tek stilling til kva modellar som skal konsekvensutgreiiast.

I mars og april neste år legg fylkesutvalet opp til ein høyringsprosess i saka. Denne skal avsluttast i siste halvdel av april. Saka skal slutthandsamast politisk i mai og juni 2013.