NRK Meny
Normal

Vil leggje ned lokalsjukehusa

Styret i Helse Førde går inn for å leggje ned sjukehusa på Nordfjordeid og i Lærdal og oppretthalde eit sentralsjukehus i Førde.

Jon Bolstad og Clara Øberg

Administrerande direktør Jon Bolstad og styreleiar Clara Øberg.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

- Lokalsjukehusa skal verte lokalmedisinske senter utan sengepostar, dette var den dramatiske bodskapen då styreleiar Clara Øberg presenterte forslaga til korleis Helse Førde skal få orden på økonomien.

Det skjedde på eit på dialogmøtet mellom styret i Helse Førde, ordførarane i fylket, leiinga i Helse Vest og helse- og omsorgsminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen på Sunnfjord Hotell i dag.

Fødetilboda forsvinn

Clara Øberg og Jorunn Ringstad presenterer strategiplanen

Clara Øberg og Jorunn Ringstad presenterer strategiplanen.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Styreleiar Øberg presenterte tre konkrete kuttframlegg, og sa samtidig at styret går inn for eit forslag som betyr eit sentralsjukehus i Førde og to lokalmedisinske senter i Lærdal og Nordfjordeid. Det betyr at lokalsjukehusa blir lagde ned i sin noverande form, og at begge fødeavdelingane også blir lagde ned, ifølgje Øberg.

Anne-Grete Strøm-Erichsen

Anne-Grete Strøm-Erichsen er på plass på dialogmøtet.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Før møtet var det spent stemning på Sunnfjord hotel, og møtestart klokka 10.00 måtte endrast fordi statsråden med følgje var forseinka på grunn av kraftig snøfall.

Ut på høyring

Forslaget frå styret skal sendast ut på ei omfattande høyring som skal vere klar 18. april.

- Det er tre modellar vi sender på høyring. Det er viktig å få sagt at det er ein reell høyring, der vi vil gå nøye alt gjennom alt som kjem inn før vi bestemmer oss. Men av dei tre modellane, tilrår vi modellen med eit sentralsjukehus og to lokalmedisinske senter, seier styreleiar Clara Øberg.

NRK Sogn og Fjordane følgjer møtet fortløpande på nett, og du kan høyre frå møtet både i føremiddagssendinga klokka 11.03 og i ettermiddagssendinga klokka 16.03 på radio. Sjå også Vestlandsrevyen i kveld.

GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast