Styret i Helse Førde går med fem mot fire røyster inn for å leggje ned Florø sjukehus. I staden vil dei arbeide vidare med å gjere sjukehuset om til eit såkalla distriktsmedisinsk senter.
Går vidare med Transmedica
Samstundes opnar styret for å flytte sjukehusaktivitet frå Sentralsjukehuset til Florø, dersom tildømes plassproblem ved Sentralsjukehuset skulle tilseie ei slik løysing. Styret går også vidare med utspelet frå selskapet Transmedica om å opprette privat klinikk for kirurgisk og ortopedisk verksemd i Florø.
Per Ytrehus, styreleiar i Helse Førde, om vedtaket om Florø sjukehus
Forsterka fødestove i Lærdal
Trass i sterke protestar frå heile indre Sogn har styret i Helse Førde i dag vedteke å legge ned fødeavdelinga i Lærdal og i staden opprette det dei kallar ei forsterka fødestove. Vedtaket vart gjort med fem mot fire røyster. Same fleirtalet vil oppretthalde fødeavdelinga ved sjukehuset på Nordfjordeid, men administrasjonen blir bedt om å følgje nøye utviklinga av fødselstalet og arbeidet med å rekruttere fagfolk til avdelinga.
Per Ytrehus om vedtaket om fødestove
Kampen held fram
Leiarane for sjukehusaksjonane både i Flora, Lærdal og Eid er skuffa over sjukehusvedtaka frå Helse Førde. Dei signaliserer at kampen for å oppretthalde dagens sjukehusdrift held fram, og set no si lit til helseministeren og Stortinget.
Vedtaka i Helse Førde går no til styret i Helse Vest, og til helseministeren. Saka kan også ende i Stortinget.