Hopp til innhold

Vil leggje ned fødetilbodet

Administrasjonen i Helse Førde tilrår at fødetilbodet ved sjukehusa på Nordfjordeid og i Lærdal vert lagt ned.

Allmøte i Helse Førde 14. juni

ORIENTERTE DEI TILSETTE: Administrerande direktør Jon Bolstad i Helse Førde på allmøte måndag morgon.

Foto: Bård Siem / NRK

Lærdal sjukehus

UTAN FØDEN: Lærdal sjukehus mistar fødetilbodet, viss styret følgjer tilrådinga til leiinga i Helse Førde.

Foto: unknown / NRK
Nordfjord Sjukehus

PÅ VENT: Norfjord sjukehus får ha fødetilbod i ein overgangsfase.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Les også: Legg fram sjukehusplanen i dag

Nordfjord-føden på vent

Klokka 08.15 vart dei tilsette i helseføretaket orienterte om administrasjonen sitt endelege framlegg til ny strategiplan. Forslaget er i praksis det same som det som styret meinte var den beste løysinga då dei starta arbeidet med strategiplanen i vinter.

I dokumenta frå administrasjonen går det fram at dei vil leggje ned den forsterka fødestova i Lærdal med ein gong. I Nordfjord vil leiinga også leggje ned fødetilbodet, men her skal det drivast som ei jordmorstyrt fødestove i ein overgangsfase.

Legg ned orotopedien

Leiinga vil også leggje ned ortopeditilbodet i Nordfjord med ein gong, og flytte det til Lærdal i ein overgangsfase. Deretter skal det berre drivast dagbehandling og poliklinikktilbod ved begge sjukehusa med ambulerande personell frå Førde sentralsjukehus.

– Dette er eit stort og omfattande forslag med totalt 11 punkt som styremedlemmene no må nytte veka fram mot styremøtet fredag til å gå nøye gjennom, seier styreleiar Clara Øberg.

Samla reknar leiinga med at desse tiltaka vil gje eit årleg overskot på kring 42 millionar kroner.

Lokalmedisinske senter

Forslaget til strategiplan ligg mye opp mot det som vart kalla modell 1 i forslaga som var ute på høyring. I dette utkastet ønskte ein å gjere om lokalsjukehusa til såkalla lokalmedisinske senter utan akutt- og fødetilbod. No skal likevel lokalsjukehusa halde fram - inntil vidare inntil nytt lovverk og nye finansieringssystem er på plass.

– Forslaget tilrår eit sterkt sentralsjukehus og to lokalsjukehus med mykje poliklinisk tilbod, seier Øberg.

Ber om meir pengar

Men når drifta ved lokalsjukehusa skal oppretthaldast som i dag - i ein overgangsfase - vil ikkje Helse Førde ha nok pengar. Difor føreslår administrasjonen at styret ber om meir pengar frå Helse Vest i denne perioden.

– Administrasjonen ber eigarane våre om meir pengar. Vi treng overskot for å kunne gjere naudsynte investeringar, seier Øberg.

Fredag skal styret i Helse Førde vedta strategiplanen.