Hopp til innhold

Vil leggje ned åtte skatteoppkrevjarkontor

Skattedirektoratet føreslår å redusere talet på skatteoppkrevjarkontor. I Sogn og Fjordane kan åtte stader miste denne funksjonen.

Skattekontor

KAN BLI FÆRRE: Regjeringa ønskjer å gjere ei omlegging i skatteetaten.

Foto: Espen Sandmo, NRK

Det kjem fram i ein rapport som skattedirektøren la fram i dag, der føremålet er å overføre skatteinnkrevingsfunksjonen i kommunane til Skatteetaten.

På lista over dei kontora der skatteoppkrevjarfunksjonen kan bli kutta, står Flora, Solund, Høyanger, Lærdal/Årdal, Fjaler, Vågsøy, Eid/Gloppen og Stryn. Også Masfjorden står på lista.

Skatteetaten føreslår at skatteoppkrevjaoppgåvane i Sogn og Fjordane blir samla på Leikanger og Førde.

Frå 288 til 27

Siv Jensen

– DEN BESTE LØYSINGA: Finansminister Siv Jensen (Frp) seier endringa vil føre til betre fagmiljø.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / Scanpix

Skattedirektoratet ynskjer å redusera skatteoppkrevjarkontora i Norge frå 288 til 27. Med det vil 526 årsverk ryke. Det var skattedirektør Hans Christian Holte som overleverte rapporten til finansminister Siv Jensen (Frp) måndag.

Hovudårsaka til at regjeringa ynskjer å overføre skatteinnkrevingsansvaret til Skatteetaten er for å få ein betre og meir fullstendig skatte- og avgiftspolitikk.

Endringa vil skape større og betre fagmiljø, styrka innsats mot svart økonomi, auke likebehandling og rettstryggleik. Det er også den beste løysinga for å sikre skatteinntektene til fellesskapet, seier Jensen.

Holte er einig med Jensen i fordelane reduksjonen av skattekontor vil føre med seg. Men han legg til at det vil også bli lettare for dei skatte- og avgiftspliktige å berre forholda seg til ein etat.

Likar ikkje forslaget

Bengt Solheim-Olsen

SKEPTISK: Floraordførar Bengt Solheim Olsen likar dårleg det han får høyre.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Floraordførar Bengt Solheim-Olsen (H) tykkjer ikkje om forslaget å ha færre skattekontor.

Dette likar dette veldig dårleg.

Han meiner at kommunereformprosessen går i rakettfart. Hovudformålet er å bygge det framtidige Kommune-Noreg.

– Men når kommunane på den eine sida får fleire oppgåver, og på den annan side vert fråtekne oppgåver, så er det på grensa til useriøst.

Trass i at Høgre er i regjering og han sjølv er høgrepolitikar så betyr det likevel ikkje at han er einig i alt regjeringa gjer. Solheim seier nemleg at han har eit perspektiv.

– Forslag vert verken dårlegare eller betre om det kjem frå noko raudt eller blått seier han.

Nno vil han setje seg ned og tenke ut ein strategi saman med andre ordførarar i Sogn og Fjordane for å diskutere kva dei kan gjere med dette.

– Eg følar meg trygg på at kommunane i Sogn og Fjordane klarar å samle seg til felles arbeid for å få ein meir fornuftig tilnærming til denne saka, seier Solheim

Forslaget skal ut på høyring innan slutten av 2014 og bli politisk behandla til våren. Dersom alt går etter planen skal endringane tre i kraft frå 1. januar 2016.