Hopp til innhold

Vil lage taubane til fjells i Loen

Allereie i 2016 kan du bli frakta til fjells i Loen i Stryn med ei splitter ny taubane. Slik håpar utbyggarane å skape eit reiselivsprodukt som kan bli lagt merke til langt utover landegrensene.

Richard Grov og Rune Holen

STORE PLANAR: Richard Grov og Rune Holen er begge del av prosjektgruppa som har store planar om ei taubane i fjellet over Loen.

Foto: Bengt Flaten/Fjordingen

Det var Fjordingen som i dag først skreiv om prosjektgruppa i Loen som har spenstige planar for fjellpartiet bak bygda. Opp til fjellet Hoven vil dei byggje taubane opp til ein restaurant på toppen. Der vil dei leggje til rette for vandrevegar og skiaktivitetar.

– Vi har ein visjon om å skape eit reiselivsprodukt som skal bli lagt merke til både nasjonalt og internasjonalt, seier Richard Grov som er administrerande direktør ved Hotel Alexandre til NRK.no.

Saman med Rune Holen og Per Helge Bø i Naturservice DA sit han ifølgje Fjordingen i ei prosjektgruppe som håpar å realisere dei luftige planane.

Vil utvide tilbodet dei har i dag

Grov seier til NRK.no at planane enno er på planstadiet, men at dei jobbar med mål om at dei skal realiserast. Initiativtakarane ser for seg ei taubane som går frå fjøresteinane i Loen og opp til fjellet Hoven, vel 1000 meter over havet.

– Dette skal vere ei vidareutvikling av dei tilboda vi har fått på plass i fjellet Hoven frå før, seier han.

For allereie er det lagt ned store pengar i utbygginga av Via Ferrata Loen, ein spektakulær klatrestri i fjellområdet like over Loen.

I sommar fekk dei på plass siste del av tilbodet, ei smal hengebru over eit kjempestort juv. Derfrå har ein panoramautsikt ut over Nordfjord.

(Artikkelen held fram under)

Hengjebrua

PANORAMAUTSIKT: Frå Via Ferrata-brua høgt over Loen har folk utsikt langt utover Nordfjord. No håpar ei prosjektgruppe at dei skal få bygd ei taubane opp til det same fjellet.

Foto: Jan Heggheim

Sommar og vinter

Prosjektgruppa ser for seg at det kan leggjast til rette for både vinter- og sommaraktivitetar oppe på fjellet om ein får bygd ei slik taubane. Der ligg mellom anna planar om å få til eit skitrekk mellom 1000 og 1200 meter over havet, skriv Fjordingen.

– Største trafikken ser vi føre oss om sommaren, der målet er å leggje til rette både for dei som vil bruke fjellet til fotturar og sykling etter mellomeuropeisk modell, og for dei som berre vil ta taubana til fjells for å oppleve storslått utsikt og gjerne ein matbit i den planlagde restauranten, seier Grov til avisa Fjordingen.

Med ei taubane meiner prosjektgruppa at fjellet vil bli langt meir tilgjengeleg for folk flest.

– Alle veit at det å gå dei 1000 første høgdemeterane til du møter dei alpine terrenget og flatene, det er det mange som ikkje gjer. Dei internasjonale trendane med vandring har vi ikkje fått til i vårt område, fordi det er så bratt å kome seg opp. Dermed blir fjellet på mange måtar noko for eliten, seier Grov til NRK.no.

Om ting går etter planen kan ei taubane vere på plass allereie om tre år.

– Det er enno ikkje teke ei avgjerd om vi skal gå for denne utbygginga, men viss alt går etter planen skal vi opne dette i juli 2016, seier Grov.