Hopp til innhold

Vil bruke 70 millionar på spelefilm om krigshelten Martin Linge

MÅLØY (NRK): Med eit budsjett på kring 70 millionar kroner kan no livet til motstandsmannen Martin Linge bli storfilm. – Historia hans er skapt som eit drama, meiner manusforfattar Øystein Wiik.

Manusforfattar Øystein Wiik

SPANANDE PERSONLEGDOM: Krigshelten Martin Linge var både sterk og svak på same tid. Det var eit stort spenn i personlegdomen hans, noko som er ideelt når vi skal lage spelefilm om han, fortalde manusforfattar Øystein Wiik under presentasjonen av prosjektet.

Foto: Bård Siem

Det er ny blest rundt motstandsmannen Martin Linge frå Sunnmøre, som blei drepen under Måløyraidet i 1941. Nyleg opna Måløyraidsenteret i Vågsøy, og no er det planlagt ein storfilm om livet hans.

– Livet til Martin Linge skrik etter ein film, seier manusforfattar Øystein Wiik.

Saman med initiativtakar Helge Hjelle presenterte han i dag planane i Måløy.

– Martin Linge er ein fantastisk person, som utretta mykje under andre verdskrigen. Han er vel verdt ein film, seier Hjelle.

KRIGSARKIVET - 2. verdenskrig

KAN BLI FILM: Livet til motstandsmannen kan no bli ein ny norsk, storfilm.

Foto: Scanpix / NTB scanpix

– Blir ein spenningsfilm

Linge var både offiser og skodespelar. Under andre verdskrigen organiserte han spesialavdelinga Kompani Linge. Han blei drepen under angrepet på det tyske hovudkvarteret på Ulvesund hotell i romjula 1941.

Manusforfattaren meiner livet hans, både den offentlege og private delen av det, er som skapt for film.

Øystein Wiik

MANUSFORFATTAR: Forfattar Øystein Wiik skal skrive manuset til filmen. Han var med då planane blei presenterte i Måløy.

Foto: Bård Siem / NRK

– Historia er frå livets side skapt som eit drama. Den har mange av dei klassiske punkta ei spenningshistoria skal ha, det ligg i dei historiske fakta rundt Måløyraidet og livet til Martin Linge, seier Wiik.

– Dette skal bli ein topp spelefilm, spennings- og actionfilm. Samtidig skal vi skildre mennesket Martin.

Vil ha innspeling i Måløy

Planen er å spele inn filmen i Måløy, der dramaet i si tid fann stad. Nic Osborne har regi på filmen.

– Det er veldig magisk når du lagar ein film der hendingane faktisk skjedde, seier han, som har stor tru på prosjektet.

– Martin Linge var ein stor helt og komplisert karakter. Det er så mykje som går imot han, men han kjempar og kjempar til han vinn. Hans historie inspirerer mange i Noreg, der han kjempa mot nazistane.

Eit turbulent privatliv gjer historia ekstra interessant, meiner Osbourne.

– Han var deprimert, rastlaus, og hadde ikkje så mykje tru på seg sjølv. Han trong noko å kjempe for.

Premiere i 2021

Men ein storfilm av denne type kostar. Budsjettet er på kring 70 millionar kroner, og det blir no jobba med å skaffe finansiering til filmen. Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad vil ikkje leggje love midlar, men gler seg over prosjektet.

– Dette er spennande, og veldig aktuelt no når Måløyraidsenteret er opna. Eg håpar verkeleg det blir ein realitet. Det kan bety mykje både lokalt og regionalt. Ikkje minst er det ei viktig historie, seier ho.

Går alt etter planen, skal filmen om Martin Linge ha premiere tredje juledag i 2021. Det er på dagen 80 år etter at Linge døydde.

Kven som blir å sjå i hovudrolla, er ikkje kjent.

– Eg har nokre konkrete ønske, men trur ikkje eg skal røpe det, seier manusforfattar Øystein Wiik.