Hopp til innhold

Vil lage skrekkfilm på Harastølen

Ein ny grøssar kan bli spelt inn på det gamle sanatoriet Harastølen i Luster.

Harastølen i forfall

SKREKKFILM: Harastølen ber preg av forfall. No skal det spelast inn film før det gamle sanatoriet blir rive.

Foto: Raymond Lidal / NRK

Filmen blir ein oppfølgjar til «Villmark» som blei vist på kino i 2003. Også denne filmen, med mellom anna Kristoffer Joner, blei spelt inn i Sogn.

Det er nettavisa ba.no som skriv om planane til produsent Einar Loftesnes og Filmkompaniet Madmonkey. Filmen har fått 150 000 kroner i utviklingsstøtte frå Vestnorsk filmsenter. Budsjettet for filmen vil liggje på mellom 10 og 12 millionar kroner.

Skal filme rivinga

Harastølen er eit digert, gamalt mursteinsbygg som ruvar i fjellsida over Luster. Bygget har vore brukt som tuberkuloseheim, psykiatrisk sjukehus og asylmottak. Sidan tidleg på 1990-talet har bygningen stått tom. Harastølen lir under stort forfall og blir mest truleg riven i løpet av neste år. Difor hastar det med å få spelt inn filmen.

– Vi har fått lov å filme i rivingsprosessen. No jaktar vi på pengar til å spele inn filmen for og budsjetterer med over 100 000 kinobillettar, seier Loftesnes til nettavisa.

Finn meir enn asbest...

Regissør Pål Øie som også står bak grøssaren «Villmark», seier filmen skal handle om fem arbeidarar som skal gjennomgå bygningsmassen før den blir riven.

– Der oppdagar dei meir enn asbest og kvikksølv, seier han.