Hopp til innhold

- Vi var aldri ute etter «å ta» Brann

Sportsklubben Brann får tilsnakk av Norges Fotballforbund etter cupkampen mot Sogndal. – Lærdomen er viktigare enn straffa, seier dagleg leiar i sogneklubben.

Egil B. Mundal på Fosshaugane

LÆRDOM: Egil B. Mundal i Sogndal Fotball er mest oppteken av at alle toppklubbane i Norge tek lærdom av hendinga under cupkampen i juni.

Foto: Arve Uglum / NRK

Doms- og sanksjonsutvalet i NFF kom i dag med dom i saka som oppstod under cupkampen mellom Brann og Sogndal i juni. NFF gir Brann tilsnakk for supporterane sin oppførsel og for at vakthaldet på tribunen på Brann stadion ikkje var godt nok.

For dagleg leiar i Sogndal fotball, Egil B. Mundal er ikkje straffa det viktigaste.

– Det viktigaste er at alle topplaga i Norge kan lære noko av dette, seier Mundal til NRK.no.

Kravde at Brann vart straffa

Det var under cupkampen mellom vestlandslaga den 22. juni at den mykje omdiskuterte situasjonen oppstod like i forkant av straffesparkkonkurransen på Brann stadion.

Stikk i strid med regelverket, flytta ein horde av Brann-supporterar seg frå sine tilviste plassar til like bak Sogndal sitt mål, der straffesparka skulle takast. Sogndal Fotball meinte også at fleire Brann-supporterar trakasserte Sogndal-supporterane.

– Dei kom heilt inntil vårt avsperra område, og ifølgje tryggleiksboka til fotballforbundet er det i strid med regelverket. Det er totalt brot på alle reglar som går på tryggleik på stadion, sa tryggleiksansvarleg for Sogndalsupporterane, Geir Frode Lunden til NRK.no etter kampen.

Også arrangementsansvarleg i Sogndal Fotball. Geir Inge Heggestad meinte situasjonen burde få etterspel.

– Eg forventar at fotballforbundet straffar Brann, sa Heggestad til NRK.no.

– Dette er noko vi må lære av alle saman

NFF sitt doms- og sanksjonsutval har no sett på saka. Dei har valt å gje Brann ei irettesetjing.

– Er dette strengt nok synst du?

– Det er det ikkje opp til oss å meine noko om. Det viktigaste for fotballfamilien er at vi vert merksame på denne typen situasjonen slik at vi alle saman kan bli betre på å leggje til rette for skikkelege fotballkampar, seier Mundal til NRK.no.

Han poengterer at det aldri har vore meininga å ta Brann på nokon måte, men seier det er Sogndal seie plikt som klubb å melde frå når denne typen situasjonen oppstår.

– Det viktigaste med denne saka er at vi og alle dei andre topplaga i norsk fotball tek lærdom av dette. For dette er ting som kan skje dersom det er mogleg for publikum å flytte på seg, seier Mundal.