Hopp til innhold

Vil la plastordning leve vidare

Prøveordninga for retur av plast i Sunnfjord får leve vidare. No vil miljøverket forsøke å nå ut til fleire forbrukarar.

Arne Øvrebø

FÅR LEVE VIDARE: Arne Øvrebø ved Sunnfjord Miljøverk seier ordninga med levering av plast vil halde fram slik den er i dag.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

I eitt år har innbyggjarane i Sunnfjord fått gjere ein innsats for miljøet med å sortere og levere plast. Ordninga har fungert på den måten at forbrukarane sjølve sorterer og leverer plasten på Sunnfjord Miljøverk sine miljøstasjonar rundt om kring i dei sju driftskommunane.

I Nordfjord og Sogn har dei ordningar der plasten vert henta av bossbilar, men dette har Sunnfjord Miljøverk ikkje funne tenleg.

Konsulent Arne Øvrebø seier dei er så nøgde med måten ordninga har fungert at dei vil halde fram:

– Vi synest folk er veldig flinke. Av det vi ser i sekkane våre er det riktig sortert, og det vi får inn er stort sett klart til å gå vidare til gjenvinning, seier Øvrebø til NRK.no.

Vil ikkje hente hos forbrukar

Kor mykje plast som er samla inn totalt har ikkje Sunnfjord Miljøverk tal for enno. I eitt år har dei teke plast i retur frå innbyggjarane i kommunane Askvoll, Gaular, Fjaler, Førde, Hyllestad, Jølster og Naustdal.

Ordninga har fått kritikk frå forbrukarar, der dei mellom anna har meint det har vore tungvint at plasten ikkje blir henta av bossbilar. Men Sunnfjord Miljøverk har for lengst sagt at dei ikkje vil gå vidare med ei ordning på den måten.

Tal frå Grønt Punkt Norge viser at kvar nordmann i snitt forbruker vel 15 kilo plastemballasje i året. I Nordfjord leverte Nordfjord Miljøverk inn over 320 tonn plast i 2013, noko som svarar til 10 kilo per innbyggjar.

Vil ha betre informasjon

I Sunnfjord vil dei halde fram med ordninga, der forbrukarane sjølve leverer plasten.

– Men vi vil oppmode folk til å ikkje køyre eins ærend til anlegget vårt i Hesjedalen med ein liten pose plast. Då har dei brukt opp miljøgevinsten med bruk av drivstoff, seier konsulent Arne Øvrebø.

Han seier dei aller fleste er flinke til å samle opp rusk og rask og levere det samla, eller bruke miljøstasjonane ute i kommunane.

Prøveordninga med retur av plast i Sunnfjord har også fått kritikk for at den er for lite kjent blant innbyggjarane. Det lovar Øvrebø at dei skal ta tak i.

– Vi er i gang med fleire prosjekt der vi skal prøve informere abonnentane våre betre. Vi skal mellom anna lage ny heimeside, og vi jobbar også for å lage ein applikasjon til smarttelefonar der folk kan finne info om tømmetidspunkt, returpunkt og kva dei kan levere til gjenvinning og kor, seier Øvrebø.