NRK Meny
Normal

Arbeidarpartiet vil la homofile gi blod

Homofile menn må få lov til å gi blod, slik som andre. Det meiner Sogn og Fjordane Arbeidarparti.

Blodgiver

VIL HA LIKESTILLING: Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane går inn for at homofile skal få donere blod på lik linje som heterofile.

Foto: Gorm Kallestad / SCANPIX

Homofile menn må få lov til å gi blod, slik som andre. Det meiner Sogn og Fjordane Arbeidarparti.

Vil mjuke opp regelverket

I dag får homofile menn karantene livet ut, dersom dei har hatt seksuell omgang med ein annan mann.

I ein resolusjon fremja av AUF på Arbeidarpartiet sitt årsmøte, ber Arbeidarpartiet om at ein ser på om regelverket kan mjukast opp, og at karantenetida blir sett til berre eitt år.

– Ingen forskjell

Rebecka Fedøy Randal

POSITIV: Fylkesleiar i Sogn og Fjordane AUF, Rebecka Fedøy Randal, meiner det ikkje er grunn til forskjellsbehandling.

Foto: Tomas Fjeld

Fylkesleiar i AUF, Rebecka Fedøy Randal, er glad for vedtaket.

– Ingen skal behandlast ulikt, uansett om du likar damer eller menn. Folk er same slag, uansett.

Fedøy Randal meiner det ikkje er grunn til å tru at det er større risiko å la homofile gi blod enn at heterofile gjer det.

– Vi har jo sett krav på korleis du kan gi. Du må ha vore saman med same partnar i eit år, og du må teste deg på same måte som andre må. Så det er ingen forskjell på om du er heterofil eller homofil, seier ho.