NRK Meny

Vil la 16-åringar røyste

Når folket skal røyste om storkommune, bør også 16-åringane få delta, meiner Flora-ordførar Ola Teigen (Ap). – Eg meiner bestemt at dei unge må bli høyrt i denne saka. Vi snakkar om korleis kommunane skal sjå ut i framtida, seier Teigen til Firdaposten. For Flora sin del har tre scenario peika seg ut. Stå åleine, storkommune langs kysten, eller storkommune med m. a. nabobyen Førde.