Hopp til innhold

Treng 100.000 kroner for å vekkje den sovande rockefoten i Leikanger

Dei entusiastiske medlemmane i Opplev Leikanger er blant dei ti finalistane som kjempar om å vinne premien på 100.000 kroner for Årets Kulturidè.

Gjengen bak prosjektet

VIL VEKKJE LIV I MUSIKKMILJØET: Dei vaksne vil at ungdommen i bygda skal få oppleve det gode musikkmiljøet i Leikanger slik det var på 80-talet. Framme frå venstre: Andreas Vikdal, Tord Magnus Næss, Hallvard Fossheim, Birte Fossheim. Bak står Lars Næss og Jack Eggum.

Foto: Katrine Nybø / NRK

Entusiastiske kultur-finalistar badar i vårsola der dei sit på bergknausen ved sjøen nedanfor Sognefjord Hotel. Dei sit på ein historisk grunn, sett i Leikanger-perspektiv. Her har store namn som Åge Aleksandersen, LAVA, Marius Müller, Anne Grete Preus og Veslefrikk trakka i festivalrus på 80-talet.

Vil kveikje liv att i rockemiljøet

Opplev Leikanger vil gjenreise gamle stolte rocketradisjonar frå «Knausen» på 80-talet, ved å først la unge lokale musikktalent får øve med og lære av gamle og nye rockeheltar, og til slutt opptre saman med dei på ein storstila konsert på Nokkaneset ved Knausen.

– Ved å bruke historia i Leikanger, så skal vi skape ei ny utvikling på musikkfronten for dei unge i Leikanger, fortel Birte Fossheim som er leiar for Opplev Leikanger.

Opplev Leikanger

VIL GI NYTT LIV TIL GAMMALT: Jack Eggum, Lars Næss, Birte Fossheim og Andreas Vikdal håpar på å få liv i musikkmiljøet i Leikanger.

Foto: Katrine Nybø / NRK

Saman med Sparebankstiftinga leitar NRK Sogn og Fjordane etter den beste kulturidéen i fylket. Den som vinn, stikk av med 100.000 kroner til prosjektet sitt. Opplev Leikanger var ein av dei totalt 35 som sendte inn søknad, og er no blant dei ti finalistane.

Ungdommane skal få ein møtestad

Lars Næss er tidlegare musikkskulerektor og har stor tru på ideen, og er overtydd om at det er mulig å vekkje liv att i det litt sovande miljøet.

– Det som var viktig på den tida var å tilrettelegge plassar dei kunne opptre med musikken sin. Sjølve rockemiljøet var sjølvgåande. No håpar vi å kunne leggje til rette på same måte att, fortel Næss.

- Det vi skal love ungdomen er at dei skal få møteplassar der dei skal få spelt musikken sin. Målet er at dette ikkje skal verte berre ein "eingongshappening", men at det skal vere startskotet på noko vi ønskjer skal fortsetje, vi skal byggje nytt ut av gammalt, legg Birte Fossheim til.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rocktex

ROCKTEX: Tord Magnus Næss og Hallvard Fossheim håpar på 100 000 kroner slik dei får vere med på rockeverkstad ilag med store heltar.

Foto: Katrine Nybø / NRK

Rockeverkstad ilag med "dei store"

Den entusiastiske leiaren i Opplev Leikanger fortel at alt ligg til rette for at dette kan verte ein longvarig tradisjon.

– Vi har fått musikkbingen, vi har fått nytt musikkanlegg i kultursalen som verkeleg kan gje liv på rockekonsertane. I tillegg skal vi ha bandstand der ungdommane er med å øve ilag med heltane på dagtid, så skal dei spele konsert med dei på kveldstid, fortel ho.

Knausen

'KNAUSEN': Konsertane skal haldast i naturskjønne omgivnader, på same stad som på 80-talet.

Foto: Katrine Nybø / NRK

Planen deira inneber å få både ung og gammal til "Knausen", der konsertane skal haldast.

– Sjå for deg at LAVA kjem på scenen, kven vil ikkje kome og høyre dei? I tillegg er det borna til oss gamle rockarane som skal få stå på scena med dei, får vi dei saman på scena så er det klart at mange vil kome, fortel ho entusiastisk.

Juryen har trua på idèen

Juryen i årets kulturidé er leia av Pål Fidjestøl, kultursjef i Sparebankstiftinga. I tillegg er musikar Laila Beate Førde med og leiar for distriktssenteret i Sogndal, Steinar Fredheim.

– Dei har ei historie å byggje på. Så har dei to klare målsetjingar: vekkje liv att i miljøet, og så er det det å rekruttere på ungdomssida, og skape meir entusiasme. Det likar me i Sparebankstiftinga, fortel leiar Pål Fidjestøl.

– Dei siste åra har fleire kommuner vore flinke til å løfte fram rockemiljøet ved å byggje sokalla musikkbingar der unge får øve. No er det på tide å få dei ut av bingen og syne kva dei har lært. Dette er motiverande, fortel Steinar Fredheim.

I skrivande stund har det kome inn totalt 5.577 stemmer, men kven som er i leiinga er førebels hemmeleg.

Fredag 11. mai skal vinnaren kårast i ei direktesending frå Balestrand i samband med Balejazz.