Hopp til innhold

Fylkeskommunen vil kutte vinteropne vegar for å spare pengar

To fjellovergangar i Sogn og Fjordane kan bli vinterstengde fordi fylkeskommunen må spare pengar.

Ein av hovudvegane mellom aust- og vestlandet kan bli vinterstengd i framtida. Fylkeskommunen i Sogn og Fjordane må spare pengar, og to fjellovergangar står på ei mogleg kuttliste - blant dei fylkesveg 50 Aurland - Hol...

VINTERSTENGD?: For å spare pengar vurderer Fylkeskommunen å vinterstengje Aurland-Hol.

– Ingenting kan skjermast, no må alle steinar snuast, det seier Arnstein Menes som er leiar for samferdsleutvalet.

Utvalet har i dag hatt oppe dei store kutta som fylket må gjennom. I løpet av fem år får fylket 234 millionar mindre i overføringar frå staten.

På samferdslesida har kutt av Sognebåten og vinterstenging av ein av hovudvegane mellom Aust- og Vestlandet, Hol-Aurland, vore nemnt som aktuelle tiltak.

I tillegg vurderer ein å vinterstengje fylkesveg 53 Årdal Tyin.

Dramatisk for innbyggjarane

– Vi har jo i lenger tid vore klare over at vi kom til å få eit visst nedtrekk, men no har jo dei blitt relativt mykje meir dramatisk med dei tala som regjeringa no har lagt fram, seier Menes.

Han meiner situasjonen for innbyggjarane i fylket er dramatisk.

– For no må vi ta relativt store kutt. Vi reknar med at samferdsle må ta sin del av det, seier han.

Og det mest omstridde er at ein vil ta frå to viktige vegar.

– Samferdsleutvalet var i dag tydlege på at detta er noko av det som er tyngst å gjere noko med. Utvalet var samd i at vi kan, i den prosessen vi er i no, ikkje skjerma noko som helst. Vi har mykje av budsjettet knytt opp til faste utgifter og som skulle skysse andre ting, så her må vi snu kvar ein stein, fortel Menes.

Ei strekning som vert brukt

Ådne Einemo

HEILT FEIL: Ådne Einemo meiner det blir feil å vinterstengje Aurland-Hol for å spare.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

At fylkeskommunen vurderer å vinterstengje Aurland-Hol som ein måte å spare pengar på er ikkje brukarane av vegen samd i.

– Det blir heilt feil å vinterstengje den strekninga i og med at den vert brukt ein god del, seier Ådne Einemo.

– Eg kan ikkje forstå at det skal vere noko behov å ha innsparing i Norge som skryt av at vi er verdas beste land og har mykje pengar. Det er heilt ufatteleg at det går an å ha nedskjeringar i det heile, seier Henning Øy.

Henning Øy

UFATTELEG: Henning Øy kan ikkje fatte at ein må til med innsparingar i verdas rikaste land.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

For han personleg vil det ikkje han noko å seie om vegen vert vinterstengd, men han trur det er mange andre som vil komme til å merke om dette blir noko av.

Nærare utgreiingar

Men ingenting er bestemt enno, seier Menes.

– Det vi har bede om i dag er ei nærare utgreiing av dei faktiske konsekvensane ved å ta ned dei nærmare 30 punkta som låg på den lista. Så det har vi bede om ei nærare utgreiing av, forklarar Menes i Samferdsleutvalet.

Han seier at når finansutvalet skal samlast 18. juni, så veit dei litt meir om kva Stortinget har vedteke.

– Og då kjem det nok til å gå ein relativ tøff bestilling tilbake til administrasjonen på å finne ytterlegare kutt for å klare å innfri dei innsparingskrava som no ser ut til å komme, forklarar han.

Tøffe tak og diskusjonar

– Det blir tøffe tak utover heile hausten for å sy i hop budsjettet og ikkje minst økonomiplanen for dei neste åra.

– Men dette vil gå utover folk i fylket slik at dei tenestene som vi i dag ser, dei vil bli dårlegare uansett?

– Med dei tala som regjeringa no legg til grunn så er det utvilsamt at det her vil gå utover innbyggjarane i Sogn og Fjordane.

Menes seier det no vil bli tøffe tak og tøffe diskusjonar og harde prioriteringar.

– Vi må jo berre håpe i det lengste at Stortinget får gjort noko med dette. Eg håpar nokon ser den galskapen som Høgre og Frp no har ført oss ut i, seier han.