Hopp til innhold

Vil kutte nattevakter i Gulen

Gulen kommune vil kutte nattevaktene ved eldretuna i Brekke og på Byrknesøy, noko som har skapt kraftige reaksjonar.

Trude Brosvik
Foto: Randi Indrebø / NRK

- Dersom dei tek vekk nattevakta, tek dei òg tryggleiken frå pasientane. Det er eit førebyggjande tiltak som dei gamle har mykkje nytte og glede av, meiner Elisabeth Einebærholm. Ho har sjølv vore med på å byggje opp tilbodet, og tykkjer ikkje noko om framlegget frå kommunen.

Må spare pengar

Framlegget om å kutte nattevaktene ved eldretuna i Brekke og på Byrknes, vart gjort på bakgrunn av at kommunen må spare tre millionar kroner innan pleire og omsorg. Til no er det kutt av nattevaktene som vil gi dei største innsparingane. Her kan kommunen spare 3,5 millionar, seier ordførar Trude Brosvik.

- Eg vil presisere at tenesta skal vere fagleg forsvarleg. Det inneber at nedlegginga av nattevaktfunksjonane båe i Brekke og på Byrknes ikkje kan treast i kraft før dei som treng det har fått plass ved eldreheimen i Eivindvik.

Vil ha ekstra tryggleik

Kommunen vil samle dei som treng heildagspleie på ein felles stad i kommunen, men av dei som til no har hatt glede av eit godt nattevakttilbod, er det fleire som ikkje treng pleie døgre rundt. Einebærholm meiner tilbodet har give bebuarane ein ekstra tryggleik.

- Dei som bur på alderstuna, har flytta dit fordi dei ikkje meistrar å bu åleine. Nattevakta er livsviktig. Ho er sjølve nerva i systemet.

Brosvik meiner det òg handlar om likebehandling, og stillar spørsmålet om det er rettferdig at dei som har fått plass ved eit eldresenter skal få eit betre tilbod enn dei som må bu heime.

- Det er alltid vanskeleg å velje vekk eit tilbod, men her har vi eit tilbod som ikkje er heilt naudsynt. Skal vi kutte nattevaktene, eller skal vi leggje ned ein skule i Gulen? Det er der vi står no.