Hopp til innhold

Vil kutte miljøsatsing om regjeringa ikkje kjem med pengar

Senterpartiet vil kutte satsinga på miljøvenlege ferjer og hurtigbåtar om regjeringa ikkje blar opp meir pengar til fylka.

Liv Signe Navarsete

KREV MEIR PENGAR: Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete vil ha eit nytt inntektssystem for fylkeskommunane.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

Langs heile norskekysten kjem det protestar frå pendlarar og familiar som er avhengige av ferjer og båtar.

Opprøret har for lengst nådd Stortinget og regjeringskontora. Nyleg leverte Senterpartiet eit forslag der dei ber regjeringa stille opp og hjelpe fylkeskommunane med pengar for å unngå skyhøge billettprisar eller kutt i tenestetilbodet.

Utfordringa til fylkeskommunane er krava om at alle ferjer og hurtigbåtar skal vere utsleppsfrie om få år. Det kostar å utvikle teknologien og byggje nye fartøy. Dette har tvinga fleire fylke til blant anna å setje opp billettprisane.

Krev nytt inntektssystem

Blant dei som har fått nok er stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete frå Senterpartiet. Ho reagerer kraftig på at det er innbyggjarane langs kysten som må svi for miljøsatsinga. No krev ho og partiet hennar at regjeringa blar opp og betalar for ekstrakostnadane.

– Vi ønskjer eit nytt inntektssystem der det vert teke høgde for at ferjefylka har mykje større kostnader med transport enn fylke som ikkje har ferjer. Regjeringa la om inntektssystemet i 2015, og i fjor tapte berre Sogn og Fjordane åleine 279 millionar kroner på dette. Når ein samstundes får ekstrautgifter på 100 millionar for å få nullutslepp på hurtigbåtar, seier det seg sjølv at dette ikkje går i hop, seier ho.

Ferge utenfor Hareid.

SNART UTSLEPPSFRI: Om få år skal heile ferjeflåten i Noreg vere utsleppsfri.

Foto: Arne Flatin / NRK

Fryktar skulekutt

Navarsete syner til at gamle Hordaland fylke åleine har ekstrautgifter på elektrifisering av ferjeflåten på 300 millionar kroner. Ho er spesielt uroa for store ferjefylke som Nordland, Møre og Romsdal og Vestland. Resultatet fryktar ho vert store kutt i løyvingane til fylkesvegane og dei vidaregåande skulane.

– Dette må regjeringa skjønne. Viss ikkje må vi kutte all satsing på nullutslepp på båtar og ferjer i fylka.

Stiller seg bak miljøsatsing

Korleis meiner du at regjering skal finansiere dette betre?

– Det må kome ekstrapengar i samband med revidert nasjonalbudsjett til dei fylka som er råka. Det gjeld meir eller mindre alle kystfylka frå Agder og nordover til Finnmark.

Navarsete understrekar at ho stiller seg bak den storstila satsinga på utsleppsfrie ferjer og hurtigbåtar.

– Eg ønskjer det like mykje som alle andre, men eg ønskjer ikkje at innbyggjarane skal få store kutt i tenestene sine. Det fortener dei ikkje.

KrF’s Landskonferanse 2020

DIALOG: Samferdsleminister Knut Arild Hareide vil setje seg ned og snakke med fylka om ekstrautgiftene.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Ministeren vil snakke med fylka

No har Navarsete sendt eit spørsmål til samferdsleminister Knut Arild Hareide (KrF) der ho ber han svare på om det kjem meir pengar.

NRK har prøvd å få Hareide i tale i løpet av helga, utan å lukkast.

Men før helga sa han til VG at han høyrer protestane. Han inviterte då til dialog med fylka.

– Det er ikkje tvil om at eg er sterkt bekymra for dei prisane eg ser no. Den bekymringa deler eg med fylkespolitikarane og fylka som er sterkt berørt. Eg vil saman med vår nye distriktsminister gå i dialog med fylka, sa Hareide til VG.

Også statsminister Erna Solberg (H) er engasjert i saka. Nyleg uttalte ho at fylka har fått meir pengar til utvikling av ny teknologi, men at ho likevel er villig til vurdere på nytt om regjeringa har løyvd nok pengar.