Hopp til innhold

Vil kutte i støtta til denne utryddingstruga karen

NORDFJORDEID (NRK): Fjordhesten får sviande kutt i statsbudsjettet. Dårleg nytt for nasjonalhesten, meiner dei som skal berge rasen.

Fjordhesten Dragutt

NASJONALHEST: Fjordhesten Dragutt lev pensjonistlivet på Norsk fjordhestsenter etter fleire år som avlshingst.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Det er sjølvsagt veldig trist for fjordhesten. Vi må jobbe langsiktig for å få fleire føl, og det blir vanskeleg med så store kutt, seier dagleg leiar i stiftinga Norsk fjordhestsenter Magni Hjertenes Flyum.

Norsk fjordhestsenter skal jobbe for å styrke avlen på nasjonalhesten som har status som utrydningstruga. No kuttar regjeringa støtta med 600 000 kroner frå 2,3 millionar til 1,7 millionar.

– Det er 25 prosent av løyvinga frå staten, det betyr heilt klart kutt i aktivitetane, seier Flyum.

Vestlandsbonden sin beste arbeidsven

Det er gått mange år sidan ein fjording var å sjå overalt på Vestlandet. No er hesten hobby, brukshest og kjæledegge. Talet føl er gått nedover, og ligg langt under dei 200 som rasen treng for å ha ei god utvikling.

Ina Malen Berge

ALLSIDIG: Ina Malen Berge jobbar som lærling ved Norsk fjordhestsenter. Ho lovprisar fjordhesten.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Fjordingen Dragutt blir leia på av lærling Ina Malen Berge, ho er godt nøgd med den brunblakke hesten:

– Han er veldig snill, han blir brukt til dressur og sprangriding for det meste. Det er ein kjekk hest, vi kan ikkje ha eit Noreg utan fjording, det går ikkje, seier Berge.

Fjordhesten har no vel 100 og 120 nye føl i året i Norge.

Frå skryt til kutt

I mars vitja landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) Norsk fjordhestsenter. Då sat godorda laust:

– Det blir jobba godt her, potensialet i hestenæringa er betydeleg, sa han då.

Jon Georg Dale

PÅ HESTERYGGEN: Landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) var i toppform på hesteryggen i mars i år. No kuttar han i støtta.

Foto: Asgeri Heimdal Reksnes / NRK

No har pipa fått ein anna låt:

– Vi har gjort tøffare prioriteringar i år enn før. Mellom anna for å dekke inn andre områder, vi skal oppfylle jordbruksavtalen, i tillegg har vi situasjonen med skrantesjuke i Nordfjella. Fleire organisasjonar opplev dette som krevjande, seier Dale.

I alt er det kutta 30 millionar i støtta til ulike organisasjonar frå Landbruksdepartementet:

– Det er ei positiv betring i arbeidet for fjordhesten, det er gledeleg det. Vi må prioritere tøffare ganske enkelt fordi vi må få til fleire lønsame private arbeidsplassar her til lands. Då må veksten i økonomien kome i privat sektor, og ikkje frå offentleg, seier Dale.

Vil kjempe pengane inn att

Det er ikkje fyrste gongen at Fjordhestsenteret får kutt i framlegga til statsbudsjett. Dei siste fire åra har dette vore regelen framfor unntaket.

Magni Hjertenes Flyum

MÅ KUTTE: Dagleg leiar ved Norsk fjordhestsenter på Nordfjordeid Magni Hjertenes Flyum.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Men kvar gong har Stortinget vore berginga, undervegs i budsjettarbeidet har løyvingane kome tilbake på plass.

Dermed blir dette nok ein haust der Magni Hjertenes Flyum må påverke for å få pengane inn att.

– Det hadde vore kjekt å kunne jobbe med det praktiske arbeidet, og ikkje bruke all tid på politikarar. Noreg er moderland for fjordhesten, då må vi ta ansvaret for denne rasen, seier Flyum.