Hopp til innhold

Tilbod til psykisk sjuke born blir kraftig råka av nye psykiatrikutt

Helse Førde ynskjer å fjerne tre stillingar frå ein av landets mest effektive Barne- og ungdomspsykiatriske poliklinikkar (BUP). – Eit strammare budsjett er inga god løysing, seier føretakstillitsvald Elin Lysne.

Jon Bolstad og Jorunn Ringstad

SKAL AVGJERE: Helse Førde-styret handsamar og vedtek budsjettet i desember.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Helseføretaket vil spare seks millionar kroner på kutt i den psykiatriske avdelinga. Det betyr nær tre stillingar mindre til poliklinikken til barn og unge.

– Kapasiteten er sprengt, og vi kan ikkje sitje stille og sjå på dette. Ved å ta meir frå psykisk helsevern, råkar det uansett, seier føretakstillitsvald Elin Lysne.

Effektiv avdeling

Kutta vil råke ein av landets mest effektive klinikkar hardt. Tal frå Samdata viser BUP Førde hadde 424 pasientkonsultasjonar i løpet av eitt år. På landsplan er talet 365.

Lysne meiner at det seier seg sjølv at denne avdelinga ikkje kan pressast meir.

– Dei tilsette i barne- og ungdomspsykiatrien har nådd alle måltal som styresmaktene har gjeve i høve til å behandle pasientar. Dersom dei tek ned no, så blir følgjene at pasientar kjem seinare til behandling og kanskje ikkje får poliklinisk hjelp og må direkte til døgnbehandling, seier Lysne.

Fleire pasientar per behandlar

I tillegg til å behandle og møte fleire born og unge enn andre liknande avdelingar i helsestellet, opplever poliklinikken 11 prosent fleire pasientar per behandlar.

Ser ein på heile landet, har det på same tid vore ein reduksjon i talet på pasientar. Lysne meiner det vil gå utover dei minste og mest sårbare pasientane dersom dei tilsette må jobbe fortare enn dei gjer no.

– Sjukt barn kostar veldig mykje meir dersom dei blir sjuke vaksne. Det er ikkje meir å skjære av, før det går på kostnad av kvaliteten, seier ho.

– Vil ikkje sleppe unna

Ole Christian Reusch

KLINIKKDIREKTØR: Ole Christian Reusch er klinikkdirektør i Helse Førde.

Foto: Aleksander Vallestad / NRK

Klinikkdirektør Ole Christian Reusch seier tala viser at BUP klarer å levere gode tenester til pasientane, og at dei held seg til budsjetta dei får presentert.

Han forstår godt frykta for at kutta vil få følgjer. For det vil det gjere. Han trur heller ikkje at dei vil kunne sleppe unna kutta.

– Ein reduksjon i stillingar i poliklinikk, fører til ein risiko for at vi må redusere tal konsultasjonar og for så vidt då også færre pasientar. Vi kan ikkje ta det igjen ved å auke effektiviteten ytterlegare, seier han.

Vedtak i desember

Dei seks millionane som skal sparast inn, vil råke alle avdelingane i psykiatrien. Ni stillingar forsvinn, eller blir ståande vakante dersom Helse Førde-styret vedtek budsjettet på desembermøtet.

Lysne og dei andre tilsette håpar styremedlemene ser at dei ikkje kan godkjenne eit budsjett som råkar pasientane slik.

– Det blir så betydeleg dårlegare tilbod til fleire grupper. Ein skulle tru at det ikkje er eit dårlegare tilbod som er hensikta til spesialisthelsetenesta, avsluttar ho.