Hopp til innhold

Vil kutte fem millionar i psykisk helsevern

Interne notat og diskusjonar i Helse Førde syner at det går mot kutt på over fem millionar i psykisk helsevern det komande året.

Ole Christian Reusch

KUTT: Kutt på mellom fem og seks millionar i psykisk helsevern er forsvarleg, meiner klinikkdirektør Ole Christian Reusch.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Regjeringa har sagt at det skal satsast på denne pasientgruppa, men helseføretaket foreslår likevel å spare.

– No er smertegrensa nådd. For at vi skal gje eit godt tilbod innanfor psykisk helsevern til alle innbyggjarane i Sogn og Fjordane, er det ikkje meir å ta av, seier føretakstillitsvald Elin Lysne.

I desember skal budsjettet for neste år leggast i Helse Førde. Men allereie no veit psykisk helsevern at dei kan måtte spare mellom fem og seks millionar kroner, fordelt på barne- og ungdomspsykiatrien og vaksenpsykiatrien.

Psykisk helsevern vert råka trass i at regjeringa har løyvd meir pengar i sitt budsjett til denne pasientgruppa, og er tydelege på at den skal vernast mot kutt.

– Vil gå ut over pasientar utanfor Førde

Elin Lysne er føretakstillitsvald og snakkar på vegner av fleire tilsette. Ho seier kuttforslaga råkar hardt.

– Eit eksempel er avviklinga av «aktiv på dagtid». Vi må ta ned på verksemd som gjer at terapeutane i barne- og ungdomspsykiatrien reiser ut og møter born der dei er med familiane og skulen, seier Lysne

Det vil spesielt unge folk i utkantane merke, meiner ho.

– Min påstand er at born og unge i kommunar lenger vekke får dårlegare tilbod enn born og unge i Førde.

Ni årsverk kan forsvinne

Klinikkdirektør Ole Christian Reusch seier dei no er i ein diskusjonsfase for kvar kutta skal komme, og at saka er ute på høyring i dei ulike avdelingane. Ingenting er vedteke før styremøtet i Helse Førde i desember, men Reusch legg ikkje skjul på at kutta kjem.

– Utfordringsbiletet kom ikkje overraskande på nokon. Men det er aldri kjekt å måtta spare i den grad at det kanskje går utover pasientane.

– Kor mange stillingar blir redusert om budsjettet går gjennom?

– Slik som det ser ut no er det vel ni årsverk.

Meiner kutta er forsvarlege

Dermed kan det mellom anna bli vanskeleg å overhalde tidsfristane for behandling av pasientar. Men Reusch meiner kutta er forsvarlege.

– Ja, heilt klart. Elles kunne vi aldri lagt fram eit slikt budsjettforslag. Det meiner vi er heilt openbart.

For dei tilsette er dette ikkje leveleg

– Vi må jobbe fortare, og det er ikkje sikkert det er mogleg. Då blir resultatet at det blir lenger tid mellom avtalar pasientar får, til dømes i poliklinisk behandling, seier Lysne.