Hopp til innhold

Vil krevje setebelte i skulebussane

No kan det bli påbode med setebelte på skulebussen. – Dette har vi kjempe for veldig lenge, seier både foreldre og elevar.

Elevar går på skulebussen.

UTAN BELTE: Slik det er i dag er om lag 50 skulebussar i Sogn og Fjordane utan bilbelte.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Tidleg opp og fleire kilometer i buss på ein smal og uoversiktleg veg til skulen. Det er kvardagen for tusenvis skuleborn i distrikta. Bussreisa blir for mange ekstra skummel når bussen manglar setebelte.

Berre i Sogn og Fjordane er 50 skulebussar utan setebelte, noko som i mange år har gjort både foreldre og elevar bekymra.

No kan det sjå ut til at dei endeleg kan sleppe jubelen laus – snart kan det bli påbode med setebelte i bussane.

Ingen krav til setebelte

Slik det er i dag er det ikkje krav til at det skal vere setebelte i bussane som fraktar born og unge til skulen. Det er kommunane og fylkeskommunane som stiller krav til busselskapa, men når lova ikkje krev det har heller ikkje dei gjort det.

- Vi har dei krava vi har, så lenge det ikkje er krav om at det skal vere belte i alle bussar, så har ikkje vi stilt dei krava overfor busselskapa heller, sa rådgjevar Eva Solhaug Fosshaugen i Sogn og Fjordane fylkeskommune til NRK.no i juli i fjor.

Og utan krav frå fylkeskommunen vil heller ikkje busselskapa ta på seg kostnaden med å få på plass belte i alle skulebussane. For direktøren i Firda Billag er det eit spørsmål om økonomi.

- Dersom vi skulle hatt belte på plass i alle bussane i morgon, vil det koste oss mellom 45 og 50 millionar. Det går ikkje, sa administrerande direktør Peter Midthun i Firda Billag til NRK.no tidlegare i vår.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Skulebuss utan bilbelte til alle

Skulebuss utan bilbelte til alle

Snart kan bussreisa bli tryggare

Provoserte foreldre og elevar over heile landet har protestert mot manglande setebelte i skulebussane i mange år. I vår fortalde NRK om elevane i Lavikdalen i Høyanger som kjenner seg utrygge på veg til skulen.

Skulebussen der har fire sete med belte, og det er elevane sjølve som må ta valet om kven som skal sikrast.

- Vi prioriterer at dei minste borna får sitte i seta som har belte, fortalde Christer Systad som var elevrådsleiar ved skulen.

Og no ser det endeleg ut til at politikarane har forstått alvoret.

- For å styrke arbeidet med å gjere skuleskyssen tryggare føreslår regjeringa ei endring i vegtrafikklova, seier samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa.

– Endeleg tek dei oss på alvor

Forslaget om å endre lova vart lagt fram i statsråd fredag. Endringa vil gjere det mogleg for Samferdsledepartementet å pålegge fylkeskommunar og kommunar å sikre at skuleelevar som må ta buss til skulen får sitteplass med setebelte.

- Det er veldig bra at dei tek oss på alvor for dette er veldig viktig for born og unge over heile landet, seier Christer Systad til NRK.no.

Også mamma Anne Britt Strandos Systad håpar politikarane snart kan få gjort noko med dei mange skulebussane utan belte.

- Det er på høg tid at det vert gjort noko med dette. Skulebussane køyrer på mykje dårleg veg rundt om og dette gjeld for born over heile landet. Eg håpar politikarane endeleg har skjønt kor viktig dette er. Det er trass alt ungane våre det er snakk om, seier Strandos Systad.

Sjølv om lovforslaget går gjennom vil det framleis kunne ta fleire år før alle skuleelevar er sikra med setebelte i norske skulebussar.