Vil kjøpe vindmøllene – og seier nei til nye

Vestland SV vil stoppe all utbygging av vindkraft på land og ta offentleg kontroll over vindparkane som alt er bygde.

Marthe Hammer

VIL HA KONTROLL: Bruk mindre straum og moderniser vasskraftaverka. Det er blant løysingane Marthe Hammer, førstekandidat til Vestland SV, føreslår for å redusere behovet for utbygging av vindmøller.

Foto: Ina Christin Løvseth / NRK

Førstekandidaten til Vestland SV, Marthe Hammer (40), var første politikar ut i NRK Hordaland og NRK Sogn og Fjordane si partiutspørjing framfor valet til det nye fylkestinget i Vestland.

Og Hammer legg ingenting imellom når ho vil stoppe all utbygging av vindkraft i Noreg.

– Ingen nye område skal opnast for vindkraft.

– Folk føler frustrasjon og maktesløyse i forhold vindkraftutbygginga som den nasjonale rammeplanen opnar for, i tillegg til alle konsesjonane er gitt, sa Hammer til utspørjar Erlend Blaalid Oldeide.

Kor mykje av dette er fylkespolitikk som du kan påverke?

– Ein del av dette er fylkespolitikk. Til dømes skal den nye fylkeskommunen behandle høyringar til utbyggingsplanar.

Men då kan de berre gje eit råd til regjering og Storting?

– Ja, men det er jo klart at ingen fylkespolitikarar eller regjering lever i eit vakuum. Det er jo viktig å meisle ut ein strategi for korleis vi skal stoppe dette.

– Men kvifor vil du stoppe all vindkraftutbygging?

– Fordi naturpanelet til FN i vår kom med ein veldig alvorleg rapport som seier at tap av natur og tap av artsmangfald representerer eit like stort trugsmål som klimatrugsmålet. Og her snakkar vi om vindkraftutbygging i ganske mykje urørt natur som og kan føre til tap av artsmangfald.

– «Eit parti som skal ta klimatrusselen på alvor kan ikkje (...) gå i mot vindkraft på land». Kven sa dette?

– Nei, eg veit ikkje.

– Det er din tidlegare partisekretær og stortingsrepresentant Kari Elisabeth Kaski som sa dette til Aftenposten i mars. Kvifor tek du ikkje klimatrusselen på alvor?

– Det er fint at du spør. Det vert kanskje opplevd som rart at eit miljøparti går mot vindkraftutbygging på land. Men vi kan ikkje setje tap av urørt natur og artsmangfald opp mot klimatrugsmålet.

Kvifor ikkje?

– Nei, fordi vi ikkje har meir urørt natur og artsmangfald å miste.

– Men vi har no masse urørt natur i Noreg?

– Ja, men naturrapporten til FN må vi ta på alvor.

Men klimapanelet til FN seier at vi og må ta klimaet på alvor?

– Difor må vi gjere begge deler. Løysinga er å byggje vindmøller ute i havet. Vi kan og gjere fleire andre ting. For det første kan vi ikkje halde fram med veksten i energiforbruket. Og så må vi sjå på om vi kan oppgradere vasskraftverka. I tillegg er det klart at SV også er eit raudt parti. Vi er jo og opptekne av forvaltninga av vindkrafta. Det vi og ser er at det er 80 prosent utanlandsk eigarskap. Det er jo ei heilt anna forvaltning enn vi har av vasskrafta.

– Du vil altså stoppe all utbygging av vindkraft. Samtidig vil du bruke skattepengar på å kjøpe opp alle vindparkane på Vestlandet. Kvifor det?

– På lang sikt ønskjer demokratisk kontroll over naturressursane.

– Kor mykje pengar vil de bruke på å kjøpe vindparkar?

– Det som bør skjer er at vi på Vestlandet gir eit samstemt råd til regjeringa om at eigarstrukturen må endrast. Vi krev dei same vilkåra som vi har innanfor vasskraft der det blant anna er delvis offentleg eigarskap. Måten vi har behandla vasskraftressursane på har vore ein suksess.

Sjå utspørjinga her: