Hopp til innhold

Vil kjøpe suksesselskap frå kommunen

Eid kommune vil selje selskapet Fjordvarme. Og Nordplan vil kjøpe. Målet er næringsutvikling og fleire arbeidsplassar.

Alfred Bjørlo og Arne Steinsvik

KAN GÅ MOT AVTALE: Eid kommune og ordførar Alfred Bjørlo (V) vil selje, og Nordplan og dagleg leiar Arne Steinsvik vil kjøpe.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Fjordvarme er ein unik teknologi og ein økonomisk suksess i Eid. Det er no på veg inn andre stader, og vi ønsker å få dette til å vekse og bli eit område som skaper ny næringsutvikling og attraktive arbeidsplassar, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V).

Fjordvarmeselskapet på Nordfjordeid bygger og driftar fjordvarmeanlegg, ein teknologi som er venta å kunne få ned energikostnadane i tettstadar og byar. Dei hentar vatn frå fjorden og brukar det som varme og kjøling til bygningar.

Meiner dei har funne det rette selskapet

Teknologien til Fjordvarme har vekt stor merksemd, og Eid kommune har lenge meint at det trengst ein privat eigar med kraft til å utvikle selskapet. Då passar Nordplan godt inn.

– Nordplan har lokalt eigarskap og hovudkontor her på Nordfjordeid. Selskapet er stort, med brei kompetanse på ingeniørsida, og plan og bygg. Å få Fjordvarme inn i det kompetansemiljøet er ei glimrande løysing, seier Bjørlo.

Begeistringa er gjensidig

Arkitekt og ingeniørfirmaet Nordplan har 48 tilsette, med hovudkontor på Nordfjordeid og avdelingskontor mellom anna i Førde. Dagleg leiar Arne Steinsvik ventar at det blir stadig større etterspurnad etter fornybar energi, og trur dei er i ferd med å gjere ein spennande handel.

– Vi ser på Fjordvarme som eit veldig interessant selskap, som har skaffa seg ein veldig ålreit kompetanse innanfor fornybar energi, seier Steinsvik.

Salssummen kan bli på 1,3 millionar om alle avtalar no går i orden. Steinsvik trur Nordplan kan utvikle Fjordvarmeselskapet og dermed skape veksten som fleire har etterlyst for selskapet.

– Vi trur at dette kan bli veldig bra, både marknadsmessig og kompetansemessig, seier han.