Hopp til innhold

Vil kjøpe sitt eige rådhus

Selje kommune vil bla opp 21 millionar kroner for å kjøpe sitt eige kommunehus. No er dei leigetakarar i bygget. Både rådmannen og fleirtalet i formannskapet går inn for å kjøpe huset. Det trass i at dei skal bli felles kommune med Eid frå 2020. Dei trur det blir billegare å eige huset sjølv, og meiner samtidig det kan vere med trygge arbeidsplassar etter samanslåinga. Saka skal endeleg avgjerast i kommunestyret 9. november.