NRK Meny
Normal

Roald vil kjøpe heim MF Sognefjord

Roald Øvreås vil hente heim M/F «Sognefjord» frå utlandet og føre lokalrutebåten tilbake til fjordane der den høyrde heime i fleire tiår.

Roald Øverås

ELDSJEL: Roald Øvreås er fast bestemt på å få M/F «Sognefjord» (på skjermen) heim til fylket.

Foto: Oddleif Løset / NRK

M/F «Sognefjord» var ein lokalrutebåt for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane som frakta folk og gods mellom Bergen og Sogn og Fjordane frå 1950 til 1982.

Først gjekk den på rute Bergen-Årdalstangen-Bergen. Så gjekk den på Sunnfjord- og Nordfjord-rutene.

Men opphavleg vart båten bygd som ubåtjagaren PCE-833 i Chicago og overført til Storbritannia og døyt HMS «Kilham». Fylkesbaatane kjøpte den i 1949 og bygde jagaren om til passasjerskip i Haugesund.

Siste tur gjekk 21. november 1982.

– Båten var ein pryd å sjå på sjøen. Den var ein baugbåt, eit verkeleg smykke. Den og søsterskipet M/F «Sunnfjord» vart rekna som dei stoltaste skipa som Fylkesbaatene hadde i si teneste, seier mangeårig matros Roald Øvreås.

MS Sognefjord

EIN SLITAR: M/F «Sognefjord» til kai i Bergen i 1983.

Foto: Harald Sætre

Skal heim

Eldsjela Øvreås har bestemt seg. MF «Sognefjord» ligg oppankra i byen Kota Kinabalu i Sabah, Malaysia. Men er skipet i nokolunde stand, skal det heim. Til fjordane i vest der det ein gong segla.

– Både eg og mange andre som har jobba om bord eller vore passasjer, har eit forhold til MF «Sognefjord». Det var ein båt med stor sjel, seier Øvreås.

– Korleis skal du få den heim til Norge?

– Det er om båten i heile teke er i god nok stand til å kjøpe og få heim. Vi ventar på grønt eller raudt lys frå Malaysia. Nokre seier båten er i dårleg forfatning, andre seier den er i god stand.

– Men vi skyldar Sognefjord å finne det ut. Den kan ikkje berre ligge i Malaysia. Får vi grønt lys, har vi fort eit prosjekt med å få den tilbake. Fjord1 har lova at dei skal støtte skikkeleg opp om kulturarven som MF «Sognefjord» er, seier Øvreås.

Roald Øverås

FINNE UT: – Vi skylder båten å finne ut om den kan bergast, meiner Roald Øvreås.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Millionar

– Men det har ein prislapp?

– Søsterskipet MS «Sunnhordaland» kom heim til Stord i fjor. Den kostar 12 millionar kroner å få i gong att.

At Øvreås brenner for saka er tydeleg. Han stiller i NRK-studio i kvit skjorte med logoen til Fylkesbaatane på.

– MF «Sognefjord» er ein institusjon som går langt forbi flagget. Eg har samla inn litt pengar privat til sjølve studiet av båten. Vi set ikkje i gong innsamling av meir pengar før vi veit om båten er i stand til eit prosjekt. .

Mellom anna var multikunstnaren Oddvar Torsheim matros på båten i 1968.

Sjølv har Øvreås jobba som matros i mange år, mellom anna på M/F Sylvarnes mellom Nordeide, Ortnevik og Vik fram til 2012, og litt medan båten gjekk i Florø.

Kvite dukar

Han forklarar korleis MF Sognefjord såg ut på fjordane.

– Passasjerane vart møtt av andrestyrmann og kjøpte billett, eller lugar av han. Det var alltid kvite dukar på borda, ordentleg kaffi og tekanner. Og damene som gjekk der, dei ordna verkeleg opp, alt var det skikkeleg orden på. Offiserane om bord måtte sitte framme i salongen med passasjerane.

– Det var ein som fortalde at på det verste var det over 700 personar om bord inn til Bergen. Det var allverdenes for mykje, men slik var det.

Roald Øverås

SKAL HEIM: Er båten i god nok stand, skal den heim, seier Øvreås.

Foto: Oddleif Løseth / NRK

– Blir det kvite dukar på bordet om båten kjem tilbake?

– Ja, dei er vel der enno. Det er masse originaldelar om bord framleis, nett slik det var då båten gjekk her. Mange av dukane er der, stempla, billettane. Uansett om båten ikkje er brukande, så skal noko av utstyret heim.

– Kva kan båten brukast til?

– Søsterskipet «Sunnhordaland» har vore ein suksess, brukt som restaurantbåt, til seglingar, blåturar. Og så har eg tru på nostalgiturisme.

– Korleis vil de sikre at unge som ikkje har same forhold til båten som den eldre garde, vil sikre vidare drift?

– Eg trur dei er interessert i å møte historia som ligg i båten, berre det blir lagt opp slik at det blir kjekt å lære. Den erfaringa har søsterskipet «Sunnhordaland» gjort, seier Roald Øvreås.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.