Hopp til innhold

Vil kjøpe Fundo

Kommunale selskap og dei tilsette vil kjøpe felgfabrikken for 10 millionar kroner.

Fundo Wheels i Høyanger
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Kommunale selskap og dei tilsette vil kjøpe felgfabrikken for 10 millionar kroner.

- Vi har jobba lenge med å få i gang eit lokalt selskap slik at vi har eit alternativ dersom ingen byr. Slik at vi kan unngå full stopp, seier ordførar i Høyanger, Kjartan Longva.

Les og: Lokale krefter jobbar for Fundo

Høyanger kommune og dei tilsette har lagt inn bod på den konkursråka felgfabrikken Fundo Wheels, skriv BT. Ordførar Kjartan Longva seier både Audi og Volvo ønskjer framleis felgproduksjon i Høyanger. Han seier også at enten Sparebanken Sogn og Fjordane eller Sparebanken Vest vil bli med på eit samarbeid.

Les og: Fundo Wheels

Ingen bod til fristen

Les og: Ingen bod på Fundo

Kjartan Longva
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

- Det var ein førebels bodfrist førre fredag. Då var det ikkje komne inn noko bod, og så vidt eg veit er det ikkje kome inn noko bod på Fundo endå. Det vil jo bety at det er stopp og at siste dag er den 12. Februar, seier Longva.

Kommunen og dei tilsette har no samla ein kapital på 10 millionar kroner. Spørsmålet er om det er nok til å ta over den kriseråka felgfabrikken.

- Skal gå greitt

- Vi har hatt økonomar som har knust tala og det skal gå ganske greitt. Det er naturlegvis avhengig av kjøps- eller leigepris for å få dette til. Men no er det ikkje Høyanger Kommune som går inn. Det er ein del kommunale selskap i lag med andre. Det er dei som investerar, seier Longva.

- De er altså interesserte i å leige om de ikkje får kjøpt?

- Vi leverar inn eit bod i dag som vil gje pantehavarane ei inndekning på sikt på rundt 15 prosent av krava. Om ikkje det blir akseptert er vi interessert i å leige det.

Mange arbeidsledige uansett

Longva åtvarar likevel mot at mange kjem til å bli arbeidsledige i Høyanger, uansett om denne bergingsaksjonen lukkast.

- Opplegget er at vi skal produsere 750.000 hjul og til det treng vi 180 personar. Det vi ikkje må gløyme er at det vil forsvinne 200 arbeidsplassar, så det tilsvarar ei rimeleg stor bedrift det som forsvinn.