Hopp til innhold

Vil kjøpe fiskerihamner

Selje kommunestyre vil kjøpe dei fire fiskerihamnene som Kystverket skal kvitte seg med i kommunen, skriv Fjordenes Tidende. Frykt for at hamnene skal kome i private hender, og ikkje vere tilgjengelege for ålmenta, er årsaka til at politikarane vil bruke 800.000 kroner på å kjøpe dei opp. Hamnene er Hoddevik, Indre Fure, Drage og Røysetstranda på Barmen.