Vil kjempe for IKT-tilbodet

Næringslivet i Måløy vil ikkje akseptere at IKT-tilbodet ved den vidaregåande skulen forsvinn utan ein omkamp.

Sindre Kvalheim

MERKELEG: Sindre Kvalheim synest prosessen rundt nedlegginga har vore merkeleg.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Eg synst det er forferdeleg skuffande, seier Sindre Kvalheim som er dagleg leiar i Localhost.

IKT-tilbodet ved Måløy VGS er eit samarbeid mellom næringslivet og staten. Localhost er ei av verksemdene som har bidrege til linja. Trass avgjerda måndag har Kvalheim ikkje gitt opp å få behalde linja i Måløy. Han fortel at dei er klare til å kjempe for å få linja på plass att, og forventar at politikarane ikkje ignorerer dei.

Måløy vidaregåande skule

MÅNDAG: Opplæringsutvalet i fylkeskommunen vedtok måndag å ikkje lyse ut læreplassar.

Foto: Arild Nybø / NRK

– Eg håpar politikarane er store nok til å gå tilbake til møterommet. Etter å ha jobba lenge i næringslivet så forventar eg og at politikarane ikkje ignorerer oss, for eg trur ikkje det er så mange eksempel på at næringsliv gjer slike ting at dei har råd til å behandle oss slik.

– Dårleg prosess

Kvalheim er oppgitt over framferda til politikarane i Hovudutvalet for opplæring. Han synest prosessen rundt avgjerda om å legge ned linja har vore dårleg. Berre Alfred Bjørlo i Venstre røysta mot nedlegginga.

– Vi har halde på med dette i fleire år. Så fekk vi vite om dette på fredag, og då var det allereie så godt som for seint å gjere noko med det. Måndag kom avgjerda, utan at vi har fått nokon annan beskjed enn takk og farvel.

Er open for innspel

Karianne Torvanger er leiar for hovudutvalet for opplæring i fylkeskommunen som måndag la ned IKT-tilbodet i Måløy. Ho har forståing for at folk kan vere misnøgd med prosessen.

Karianne Torvanger

FORSTÅR: Karianne Torvanger har forståing for at prosessen kan bli oppfatta som merkeleg.

Foto: Privat

– Eg kan forstå at nokon synest prosessen har vore merkeleg, men eg vil og seie at vi for eit år sidan vedtok at vi skulle evaluere tilbodet. Så det burde ikkje vere overraskande at vi har gjort det, men vi må sjølvsagt ta imot innspel på at nokon synest prosessen har vore for dårleg.

Torvanger er likevel open til å diskutere saka vidare.

– Eg er alltid open for innspel og dialog og stiller gjerne i eit møte, men årets utlysing er nok dessverre vedteken. Så er det slik at dei som har starta på linja skal få fullføre, og det er alltid mogleg å diskutere.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.