Hopp til innhold

Vil kjempe for å behalde skulen

– Elevane vil få dobbelt så lang skuleveg om dei legg ned skulen vår, seier Torunn Åsnes, som er mor til ein av dei.

Guddal skule
Foto: Ottar Starheim / NRK

Rådmannen i Fjaler foreslår å leggje ned Guddal skule og flytte elevane til Flekke skule frå skuleåret 2016/1017.

– Det er trasig og overraskande at dei kjem med eit slikt framlegg. Eg hadde ikkje heilt venta det og er skuffa, seier Åsnes.

Det er i dag om lag 20 elevar ved skulen i Fjaler kommune.

I år er det berre éin elev på første trinn og det er ingen som begynner på skulen til hausten. Det same gjeld skuleåret 2018/2019.

Ved å legge ned Guddal skule reknar kommunen å spare om lag ein million kroner årleg.

For elevane som bur lengst vekke, er det snakk om ei dobling av reisetida. Det vil kunne ta 50 minutt.

– Skulen betyr mykje både for ungane og bygda. Det å møtte sende borna til Flekke eller Dingermoen, er nesten ikkje til å tenkje på. Det blir lang reisetid der dei må sitje på buss.

Kommunestyret skal i dag ta stilling til om dei vil sende saka ut på høyring, endeleg avgjerd kjem i oktober.