Hopp til innhold

Vil kaste styret i Helse Førde

Rolf Nesheim frå Venstre tek no til orde for å kaste styret, som han meiner lar ukulturen blomstre.

Rolf Nesheim

Rolf Nesheim, fylkestingsrepresentant for Venstre, rettar på nytt peikefingeren mot styret i Helse Førde.

- Om styret vert sitjande, og dei forfølgjer den lina dei no legg opp til, fryktar eg at helsetilbodet i fylket vert utarma. På sikt vil ein sitje att med berre nokre lokalsjukehusfunksjonar ved sentralsjukehuset i Førde, seier Rolf Nesheim.

- Styret er årsak til ukultur

For vel ein månad sidan gjekk Nesheim ut og sa at dei tilsette ved sjukehuset, og ikkje pasientane, måtte ta støyten i nedskjæringane. No vil Nesheim ha nye ansikt i styret.

- Behovet for nye, friske auger er absolutt til stades. Fordi ein kan ikkje forvente at dei som er årsak til og lar ein ukultur blomstre, skal kunne rydde opp, meiner han.  

- Beste "Rolf Nesheim"-stil

Clara Øberg
Foto: NRK

Han står fast på at inntektsida må takast når 60 millionar skal kuttast i Helse Førde. Han seier styret i Helse Førde er for dårleg, uavhengig av kor mykje midlar foretaket har å rutte med. Men han får ikkje forståing frå styreleiar i Helse Førde, Clara Øberg:

- Dette er eit utspel i beste "Rolf Nesheim"-stil. Han skyt laust på styret utan å kome med nokon konkrete forslag. Og det har vi sett veldig mykje frå han før. Det er populistiske skot som kjem når det passar han.

Prestisje eller politisk mynt

Populistisk eller ikkje Rolf Nesheim trur ikkje styret vil gå av. Han meiner at når to av styremedlemmane er frå Arbeidarpartiet, vert det politisk prestisje involvert om styret skulle velje å trekkje seg. Øberg meiner dette er heilt latterleg.

- Han kan meine kva han vil om styret, for det er Helse Vest som plukkar det ut. Han prøver å lage politisk mynt på saka. Det er rett nok to styremedlemmar frå Arbeidarpartiet, men der er og ein frå Venstre.

- Eg vil minne Rolf Nesheim om at det ikkje er partipolitikk vi driv med i styret i Helse Førde, slår Clara Øberg tilbake.