NRK Meny

Vil investere for 5,6 milliardar

Fylkespolitikarane legg opp til investeringar for 5,6 milliardar kroner dei komande fire åra. Midlane vil hovudsakleg gå til investeringar i det fylkeskommunale vegnettet og i dei vidaregåande skulane. Fylkestinget skal ta endeleg stilling til investeringsplanen i morgon.