Med denne summen blir fylkeskommunen den nest største eigaren i selskapet, med om lag 30 prosent av aksjane. Eigenkapitalen til Fjord Invest er dermed oppe i 66 millionar kroner.
Satse på lokalt eigarskap
Fjord Invest har snart eksistert i to år, men målsetjinga om 100 millionar kroner på bok er dei likevel langt unna. Næringslivet i Sogn og Fjordane var ikkje så villig som ein kanskje først hadde håpa og trudd. Politikarane derimot er tydelegvis meir positive til ideen om eit lokalt og solid investeringsselskap. For tanken om at pengane skal vekse der dei blir sådd, i dette tilfellet i Sogn og Fjordane, er i tråd med fylkesplanen om å satse meir på lokalt eigarskap.
- Ikkje problematisk
Fylkesordførar Nils R. Sandal meiner det ikkje er noko problem at politikarane går så tungt inn i eit privat investeringsselskap. Han seier at om Fjord Invest skal utføre arbeidet på ein skikkeleg måte, så treng dei meir kapital enn det dei har i dag. - Eg håpar at vi med vår medverknad kan vere ein spore til at også privat næringsliv kan gå sterkare inn i selskapet, seier Sandal.
Fylkestinget skal ta endeleg stilling til saka 25. mars.