Hopp til innhold

Vil innlosjere turistar på båthotell i Selje

I Selje slo rundt 90 personar hovuda saman i for å finne ut korleis dei skal halde på turistane etter det viktige hotellet i bygda brann ned.

Folkemøte i selje

ENGASJEMENT: Selje hotel var viktig for bygda. No vil mange vere med å finne alternative innlosjeringsløysingar for folk på reise i bygda.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Det store spørsmålet er kvar skal turistane innlosjerast etter at Selje hotell gjekk tapt i storbrann i desember i fjor? Det var det store spørsmålet på Selje samfunnshus onsdag kveld.

Der heldt folkemøtet tankesmia i gang i tre timar. Stemninga på møtet steig i takt med forslaga, og det mangla ikkje på forslag både til vanns og til lands.

Foreslår skipshotell

Eit av forslaga som slo an i forsamlinga var eit flytande hotell. Maria Vengen i stiftinga Sankta Sunniva lanserte ideen med å losjere dei tilreisande inn på vatnet.

– Eg tenkte på kva som kan vere spennande å oppleve i seg sjølv. At du kan bu i eit skip kan kanskje skape ein attraksjon som gjer at folk vel å kome til Selje akkurat no, føreslår ho.

Vengen har også ringt rundt for å finne skip som kan vere egna til føremålet.

– Vi har kome i kontakt med ein kar som vurderer å kjøpe eit skip som kan ligge til kai i Selje medan han flikkar på motoren og får den i stand. Det er eit enormt skip, eller enormt til Selje å vere i alle fall. Det er 90 meter langt, og kan huse 100 menneske, fortel Vengen.

Gerd Kjellaug Berge foreslår eit minihotell laga av brakker. Ho trur det kan gi god inntening i høve til kor mykje det kostar å sette opp.

– Skipshotell er også ei kjempeflott løysing, det er både spektakulært og attraktivt. Kanskje vi kan få til begge deler? Foreslår ho.

Skip kan bli skipshotell

KANSKJE SLIK: Maria Vengen i Sankta Sunniva-stiftinga har undersøkt moglegheitene for å ha eit skip liggande som hotell i Selje til sommaren.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Trur ein eventuell skipstunnel vil gi pågang

Ottar Nygård er tidlegare ordførar i Selje, og med i styringsgruppa for Stadt skipstunnel. Han har ståltru på at tunnelen vil vere med i nasjonal transportplan som blir lagt fram i vår, og vedtakast komande juni.

Tunnelen vil gi stor pågang for bevertning i bygda med nærare 3000 innbyggarar meiner han.

– Tunnelen vil gi eit enormt trykk på Selje i høve til overnattingstilbod og bevertning.

Jon Terje Hamre i Selje næringsforeining stiller seg bak dette. Han har også jobba fleire år med turisme, og meiner dei må kome i gang fort.

– Vi kan ikkje berre prate, no må vi ta tak. Det må skje no om vi skal få det på plass før turistsesongen. Dei utanlandske turistane byrjar gjerne å gjere reservasjonar allereie i september-oktober året før, seier han.