NRK Meny
Normal

No kan det bli totalforbod mot dette på skulane - men ikkje for lærarane

Frå og med første juli i år kan det bli tobakksforbod i skular og barnehagar. Då vil elevar ikkje lenger kunne gå utanfor skulen sitt område for å røyke i skuletida. Dette skjer som følgje av at Stortinget i fjor vedtok endringar i Lov om vern av tobakksskadar.

Snus

TOTALFORBOD MOT TOBAKK: Den nye endringa som kan tre i kraft 1 juli 2014 kan gi totalforbod mot tobakk i heile skuletida.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Eg syns ikkje det er akseptabelt dersom lærarane skal få fordelar som elevane ikkje får. Mange av elevane er over 18 år, og har i prinsippet eigentleg lov til å snuse og røyke, så klart på tilviste plassar, seier Elevrådsleiar ved Øyrane vidaregåande skule i Førde, Gaute Dvergsdal

Forbodet gjeld så lenge elevane er på skulen sitt område, og omfattar både snus og røyk. Då vil det ikkje lenger vere mogleg for elevane å gå utanfor skulen sitt område for å røyke i friminutta, skriv Firda i dag.

Dette blir berre mogleg i fritimar, som ikkje vert rekna som ein del av skuletida.

Tidlegare har kvar skuleeigar hatt høve til å pålegge elevane forbod mot bruk av tobakk. Dei vidaregåande skulane i fylket har sjølv hatt moglegheit til å vurdere dette ut ifrå lokale tilhøve.

Fleire av skulane i fylket har tidlegare innført eit slik totalforbod, men mange har valt å legge til røyking på tilviste plassar. Men no vil det altså bli pålagt å innføre eit slikt totalforbod. Men forbodet gjeld berre elevane ved skulane, ikkje dei tilsette.

Reglane må gjelde for alle

Gaute

MÅ VERE LIKT FOR ALLE: Elevrådsleiar ved Øyrane VGS Gaute Dvergsdal tykkjer dei same reglane bør gjelde for elevar og tilsette.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Dvergsdal forstår at ein vil prøve å redusere tobakksbruken i skuletida, men meiner at slike tiltak må gjelde for både elevar og tilsette, dersom det skal kunne gjennomførast. Øyrane vidaregåande skule er ein av dei skulane som til no har hatt tilviste plassar for røyking.

–Det må vere likt for alle. Eg veit ikkje om det kjem til å funke, men om det skal fungere, så er det på den måten det må gjerast, seier Dvergsdal.

Jim Andre Solheim er elev ved Øyrane vidaregåande skule. Også han tykkjer det må vere likt for alle

–Vi er alle på den same skuleplassen, enten du er tilsett eller elev, og då må dei same reglane gjelde for dei som for oss.

Jan Solheim

ELEV VED ØYRANE VGS: Jim Andre Solheim

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Vanskeleg å handheve

Sjølv trur Solheim det vil vere utfordrande å handheve eit slikt totalforbod. Spesielt trur han snusbruken blir vanskeleg å oppdage.

–Det er ikkje alltid like lett å sjå om nokon snusar. Det er lett å gøyme snusen slik at ingen andre ser den. Lærarane kan ikkje akkurat be deg om å opne munnen heller, seier han.

Elevrådsleiaren er einig. Han trur og det vil vere lettare å handheve tiltak mot røyking enn snusbruk, men at eit slik forbod ikkje vil utrydde snusbruken blant elevane.

–Slik som det er i dag, så er det ikkje så mange som røykar lenger, men det er veldig mange som snusar. Det er vanskeleg å sjå om folk snusar, så eg trur det er mange som vil vere i mot ei slik ordning. Spesielt dersom den ikkje gjeld for lærarane også, seier Dvergsdal.

Trur du det vil bli lettare folk elevane å slutte å røyke og snuse med eit slik forbod?

–Det kan så klart vere eit argument. Det er stadig fleire som nyttar seg av snus, og det kan godt vere mogleg å redusere dette talet dersom det blir eit totalforbod, men eg trur ikkje likevel ikkje at det er mange som kjem til å slutte av den grunn.

Full forståing

Opplæringsdirektør i Fylkeskommunen Bekka Skaasheim skjønnar godt at nokre

Bekka Skaasheim

OPPLÆRINGSDIREKTØR I FYLKESKOMMUNEN: Bekka Skaasheim

Foto: Cosmin Cosma / NRK

elevar reagerer på ei slik ordning. Forslaget om totalforbod mot tobakk i skuletida er omfatta av ordensreglementet på kvar enkelt skule. Dei tilsette er ikkje omfatta av ordensreglementet og vil difor ikkje bli påverka av ei slik ordning.

–Dei tilsette er omfatta av fylkeskommunen sitt arbeidsreglement. Det vil vere der endringane må skje, dersom tilsette skal regulerast i forhold til bruk av tobakk i arbeidstida, seier Skaarsheim

Kva må skje for at det skal bli endring i dette?

–Dersom det skal skje endringar i arbeidsreglementet så krev det ei sterk involvering både frå arbeidstakerorganisjajonen, og truleg vil det vere fylkesrådmannen og personalsjefen som må fremje ei slik sak.

Må gå framfor som gode eksempel

Liv Horvei er rektor på Øyrane vidaregåande skule. Ho er einig synspunkta til elevane, og på Øyrane har dei hatt reglar for bruk av tobakk som gjeld både lærarar og elevar. Og Horvei trur dette er noko dei kjem til å halde fram med også etter det nye totalforbodet blir innført. Ho seier at dette sjølvsagt må diskuterast i organisasjonane, men trur det neppe blir problematisk

Liv Horvei, rektor ved Øyrane vidaregåande skule

GODE FØREBILETE: Rektor ved Øyrane VGS Liv Horvei meiner dei tilsette må vere gode førebilete for elevane.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

–Ja det må vere ein naturleg konsekvens. Lærarane må gå framfor å vere gode førebilete for elevane. Det vil vere viktig at reglane må gjelde for alle.

Også blant dei tilsette har dei merka at det blir færre som røykar, men stadig fleire som snusar, og Horvei trur

–Det vil ikkje vere lett, men ein må prøve å vere klar på at det ikkje er lov å bruke verken snus eller røyk. I tillegg må ein prøve å få til haldningskampanjar saman med elevrådet, seier Horvei

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser