Hopp til innhold

Vil innføre lokal drivstoffavgift i kommunen

Rådmannen i Flora kommune vil at politikarane skal vurdere å innføre eigen drivstoffavgift i Florø.

Fylle bensin

DRIVSTOFFAVGIFT: For å kunne halde ved like og realisere ulike vegprosjekt, har rådmann Terje Heggheim foreslått å innføre ei lokal bensinavgift.

Foto: Gry Brekke Hustveit / NRK

Rådmann Terje Heggheim i Flora kommune ønskjer å vurdere bensinavgift som ein måte å få fart på vedlikehald og utbygging av det kommunale vegnettet, skriv Firdaposten.

– I samband med budsjettspørsmålet neste år og økonomiplanen i åra som kjem, så ønskjer vi å få gjennomført det store behovet for vedlikehald på dei kommunale vegane i kommunen, seier Heggheim til NRK.no.

Ifølgje Firdaposten står forslaget med lita skrift i rådmannen sitt eige framlegg til budsjettet for Flora for 2014.

Terje Heggheim hjå NRK

RÅDMANN: Terje Heggheim ønskjer å vurdere bensinavgift som ein måte å få fart på vedlikehald og utbygging av det kommunale vegnettet.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Ikkje nok midlar i dag

Rådmannen meiner at berre asfaltering av vegnettet i Flora kommune vil koste nærare 40 millionar kroner. I tillegg har kommunen fleire store vegprosjekt dei ikkje får realisert fordi dei ikkje har nok midlar til dei.

Dette ønskjer Heggheim å endre på.

– Eg har sett på korleis andre kommunar har løyst kostnadsproblemet. Vi kan gjere som dei ved at brukarfinansiering kan vere ein del av finansieringa. Då kan ein byggje og halde ved like vegnettet. For dette har vi ikkje midlar til i dag, seier Heggheim.

Heggheim har ingen fasitsvar på korleis drivstoffavgifta eventuelt skal bli gjennomført. I fyrste omgang ynskjer han å få ei utgreiing og sjå om det kan bli realisert. Det er politikarane i Flora kommune som til sist skal bestemme om ein skal innføre det eller ikkje.

Har fungert i Tromsø

Heggheim stadfestar at bensinavgift har vore eit alternativ fleire stadar i Noreg med stort hell. I Tromsø har dei til dømes tatt i bruk ein modell som har kommunal avgift på bensinprisane sine. Då dette vart innført var avgifta på 50 øre, medan den no har passert 80 øre.

– Det er vel ingen tvil om at Tromsø er ein kommune som har fått bygd mange vegar på grunn av denne avgifta, seier Heggheim.

Reaksjonar

Heggheim forstår om mange vil reagere negativt på forslaget.

– Mange opplever at dei betaler nok avgifter til samfunnet slik som det er i dag, og eg må vel seie at eg forstår dei.

Likevel trur rådmannen at andre kanskje vil sjå positivt på forslaget.

– Kanskje dei kan sjå på det som ein måte å få kontroll på vegnettet, samstundes som ein kan få byggje ut og halde ved like det kommunen har ansvaret for, håper Heggheim.

Høg avgift?

Rådmannen har ingen tankar om kor høg avgifta kan bli. Kommunen ønskjer fyrst å sjå på talet på køyrde kilometer i Flora kommune, talet på bilistar, det framtidige behovet for vedlikehald og behovet for vegutbygging.

I tillegg må dei sjå på kva som vil vere ein rimeleg pris i forhold til behovet og ei vurdering i forhold til belastninga dei skal påføre bilistane.