Hopp til innhold

Vil innføre krav om maks reisetid til legevakt - vekkjer skepsis

40 minutt bør vere maksimaltida det tek for 90 prosent av innbyggjarane å kome seg til legevakta. Det meiner Akuttutvalet. Det vil by på store utfordringar, trur fleire.

Ann-Kristin Olsen

KRAV: Leiar av Akuttutvalet, Ann Kristin Olsen, meiner innbyggjarane blir sikra eit meir rettferdig og likeverdig tilbod ved å innføre krav om maksimal reisetid til legevakt.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– I utgangspunktet er denne typen krav ein god ting, på same tid gjev det oss utfordringar, seier ordførar i Askvoll, Frida Melvær (H).

I kystkommunen med 3000 innbyggjarar har ein tredel av dei opp mot to timar reisetid til legevakta i dag. Det gjeld dei 900 som bur på øyane.

Frida Melvær

SKEPTISK: Ordførar i Askvoll, Frida Melvær, meiner det er eit paradoks at forslaget om makstid går på tvers av krav som ligg føre i samhandlignsreforma.

Dersom Akuttutvalet får det som dei vil skal 90 prosent av innbyggjarane i landet maksimalt ha ei reisetid på 40 minutt.

Eit slikt krav vil bety fleire legevaktsentralar rundt om i landet. Og det vil gje eit meir rettferdig tilbod, meiner utvalet.

– Likeverdige og rettferdige helsetenester på legevakt er viktig, og då trur vi det er rett å sette eit slikt nasjonalt krav, seier utvalsleiar Ann Kristin Olsen, som også er fylkesmann i Vest-Agder.

Går på tvers av alle andre sentrale føringar

Utvalet har fått i oppdra å føreslå eit system som sikrar at folk er trygge når det oppstår akutt sjukdom og skade. Då meiner utvalet at reisetidskrav til legevakt er eit viktig element.

Skal eit slikt krav innførast vil det truleg koste mellom 250 og 350 millionar kroner, og 97 kommunar vil måtte gjere endringar. Det nye kravet vil vere spesielt utfordrande for Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Nordland og Oppland.

– Det vil bety fleire legevaktstasjonar enn vi har no fleire stader, seier Olsen.

– Paradoks

Dei siste åra har derimot utviklinga gått motsett veg. Sidan 2009 har det blitt 29 færre legevakter i landet. Fleire andre reformer som er på trappene, mellom anna innan kommunsektoren, politiet og alarmsentralane, hallar mot større einingar heller enn mindre.

– Vi må ta legevakta tilbake til Askvoll skal vi få det til. Det er eit paradoks at i samband med kommunereforma er det tilrådd at vi skal samarbeide i interkommunale einingar. Så det eine slår det andre litt i hel, seier Melvær.

(Artikkelen held fram under biletet).

– I praksis svært vanskeleg

Jan Olav Gjerde

- VANSKELEG: Ordførar Jan Olav Gjerde i Hyllestad seier dei ikkje kan flytte folk nærare legevakta.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Hyllestad er i dag ein av ni komunar som deltek i felles legevaktsentral med kommunar i Sunnfjord og Indre Sogn. Trass i at mange innbyggjarar har lang reiseveg, er ordførar Jan Olav Gjerde (Ap) skeptisk til forslaget.

– Det er positivt at folk skal ha overkommeleg tid til legevakta, men eg ser at det i praksis blir svært vanskeleg. Vi kan ikkje flytte folk i Hyllestad nærare Sentralsjukehuset for å stette det kravet.

Hans-Johan Breidablik

- GOD KVALITET VIKTIG: Hans Johan Breidablik.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Halde på legar

Hans Johan Breidablik, som var pådrivar og leiar for den interkommunale legevakta i Sunnfjord og ytre Sogn tidlegare, seier at også andre krav er viktige.

– Det handlar om å skape ein god kvalitet og stabilitet og gjere det mogeleg å rekruttere og halde på legar også ute i distriktet. Det var mange moment som var inne i diskusjonen den gongen og som gjorde at vi samla såpass mange kommunar og med lange avstandar.


I kommunen til Gjerde bur det 1400 innbyggjarar. Frå kommunesenteret Hyllestad tek det i dag 75 minutt å kome seg til legevakta i Førde, som dei deler med åtte andre kommunar. Med ein slik geografi blir det vanskeleg for dei å stette kravet om reisetid til legevakt som Akuttutvalet ynskjer seg.

Helsedepartementet kan ikkje kommentere rapporten, sidan den no er ute på høyring. Ei større stortingsmelding om primærhelsetenestene er venta våren og hausten 2015.