Hopp til innhold

Vil inn å regulere «investeringskåte» naboar

Naustdal og Jølster har vedteke store og kostbare investeringar inn mot kommunesamanslåinga i 2020. Det likar dei ikkje i Gaular.

Jarl Tyssekvam

Høgre-politikar Jarl Tyssekvam i Gaular trur fleire av storinvesteringane i nabokommunane er ønskelister, der fleire ting vert plukka vekk etter kvart.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Eg trur intensjonsavtalane mellom kommunane regulerer desse investeringskåte politikarane litt. Eg syns kanskje at ein skal vurdera alternativa på ein annan måte, når dette kjem opp to år før samanslåinga, seier Høgre-politikar Jarl Tyssekvam i Gaular.

Medan Jølster vil byggje to idrettshallar og ruste opp skulane til nær 100 millionar, planlegg Naustdal eit Friskhus til store kostnader.

I Gaular har dei ikkje planar om storinvesteringar, men ordføraren har rekna ut gjelda som Førde, Naustdal og Jølster tar med seg inn i den nye storkommunen er mykje større enn kva dei gjer.

– Eg har rekna ut at vi har om lag 25.000 kroner mindre i gjeld per innbyggjar enn kva nabokommunane våre har. Vi kunne lånt 90 millionar i dag for å kome opp på same nivå, seier Mathias Råheim (H), ordførar i Gaular.

For når dei fire kommunane vert til ein, vert gjelda alle har med seg inn felles.

Avviser kritikken

Oddmund Klakegg

IKKJE SAMD: Ordførar i Jølster, Oddmund Klakegg, seier at det har hatt tankar om ny idrettshall lenge.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

1. januar 2020 blir Jølster, Gaular, Naustdal og Førde slått saman til ein kommune. Innan den tid skal kommunane drive på eiga hand som før, og Jølster og Naustdal legg opp til store investeringar.

Kommunestyret i Jølster vedtok tysdag kveld at det skal byggjast idrettshall både på Skei og på Vassenden og at skulane på dei to stadene skal rustast opp. Den samla investeringa kjem på om lag 100 millionar kroner.

Jølster-ordførar Oddmund Klakegg seier at Jølster har store fond og kraftinntekter og at investeringane ville vorte gjorde uansett.

– Jølster har hatt planar om dette lenge før samanslåinga kom på trappene. Vi har mangla ein idrettshall. Litt av grunnen til at vi kan gjere desse vedtaka no, er at ei stor utbygging av Jølstra vil generere nye inntekter. Desse inntektene vil sjølvsagt også gå inn i den nye storkommunen.

Håvard Senneset og Siv Helen Tuften

Kommunepolitikar Håvard Senneset (H) og kafeeigar Siv Helsen Tuften meiner også Gaular må satse på store investeringar før Gaular blir innlemma i storkommunen.

Foto: Bård Siem / NRK

– Dette har vi planlagd lenge

Øyvind Bang Olsen

AVVISER: Rådmann i Naustdal, Øyvind Bang Olsen, avviser at kommunen hans gjer store investeringar no på grunn av framtida i ein storkommune.

Foto: Bård Siem

I Naustdal vil politikarane bygge nytt såkalla Friskhus, eit helsehus med ei rekkje funksjonar. Det vil koste godt over 100 millionar. Dei planlegg mellom anna å selje kraftaksjar for å kunne greie investeringa. Råmann Øyvind Bang Olsen avviser at investeringa har samanheng med den snarlege kommunesamanslåinga.

– Dette er prosjekt vi har jobba med sidan 2009. Men vi har hatt utfordringar med å finne den rette prosjektforma slik at det har teke meir tid enn realisere dette enn vi hadde tenkt.

Rådmann i Førde, Ole John Østenstad, kjem med følgjande oppmoding til nabokommunane.

– Eg tenkjer det er opp til kommunestyra i dei fire kommunane å vedta budsjetta i dei to åra vi har framfor oss. Eg håper dei i budsjetta er realistisk og forsvarleg.