Hopp til innhold

UDI vil ikkje utvide asylmottaket i Årdal - følgjer ønskjet frå kommunen

UDI stadfesta i dag at dei ikkje ønskjer at Hero nyttar opsjonen for å utvide asylmottaket i Årdal med 60 plassar.

Lægreid og Forfang

KONSTRUKTIVT: Både Årdal-ordførar Arild Ingar Lægreid og UDI-direktør Frode Forfang tykte møtet var konstruktivt.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

UDI, fylkesmannen, statssekretæren i Justisdepartementet og politiet møtte i dag Årdal kommune for å drøfte situasjonen etter drapa på Valdresekspressen for knapt to veker sidan. Tre personar vart knivdrepne på bussen.

Ein 30 år gammal asylsøkjar frå Sør-Sudan er sikta for drapa. Mannen er framleis ikkje avhøyrt, då helsetilstanden hans ikkje har vore slik at det har late seg gjere.

Har drøfta fleire viktige spørsmål

Ti dagar etter dei tragiske drapa på Valdresekspressen, sende ordføraren i Årdal brev til Utlendingsdirektoratet og ba om eit møte.

– Det var viktig å få samla alle instansar for å gå gjennom både det som har skjedd, og moglege endringar når det gjeld etablering av asylmottak rundt om i kommunane. Eg tykkjer det har vore eit konstruktivt møte, seier ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid.

På møtet har dei drøfta spørsmål som UDI har med å gjere, men dei har også vore innom den politiske biten.

– Eg tykkjer vi kom ganske langt, og kommunen vil følgje dette opp vidare, seier Lægreid.

Ein av dei tinga som har vore diskutert er at det desentraliserte asylmottaket som er i Årdal på 150 plassar, kunne ha vorte utvida med ytterlegare 60 plassar.

– Årdal kommune gav tidleg eit signal til UDI om at vi ikkje ønskte at den opsjonen til Hero vart brukt i Årdal. I dag fekk vi stadfesta at dei ikkje kom til å bruke denne, seier Lægreid.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Created by InfoDispatcher

MØTTE KOMMUNEN: UDI, fylkesmannen, statssekretæren i Justisdepartementet og politiet møtte i dag Årdal kommune.

Ikkje naudsynt å bruke opsjon

Direktør i UDI, Frode Forfang, var til stades på møtet. Han forklarar avgjerda slik.

– Vi tykkjer ikkje det er naturleg å utvide mottaket i Årdal no, i lys av det som har skjedd. Elles er det heller ikkje noko prekært behov for å utvide kapasiteten så mykje, at det er naudsynt å bruke ein slik opsjon, seier Forfang.

– Hadde det vore politisk mogleg for ein hardt pressa kommune å sende 60 fleire asylsøkjarar hit?

– Vi tykkjer ikkje det er naturleg å gjere det, og vi tykkjer heller ikkje det er rett å bruke ein slik opsjon i lys av den tragedien kommunen har vore gjennom, seier Forfang.

(Artikkelen held fram under biletet)

Trippeldrap i Årdal

DREPNE: Bussjåføren og to passasjerar vart knivdrepne på Valdresekspressen for knapt to veker sidan.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Har gått gjennom lista

Årdal kommune har komme med ei rekkje innspel, konkretisert i sju punkt som går på helseundersøkingar, helsepersonell, retur av asylantar som har fått avslag, at desse ikkje skal bli sende ut til kommunane, moglegheit for kommunane til å takke nei og betre førebuing av kommunane før asylmottak vert oppretta.

– Kor mange av desse punkta er det realistisk å få gjennomført?

– Mange av desse innspela er også av meir politisk karakter. Vi har gått gjennom dei og hatt ei meiningsutveksling, og vi har fått moglegheit til å forklare korleis ordninga i dag fungerer, og så får vi sjå kva det er mogleg å gjere framover, seier Forfang.

Han legg til at det er naturleg, etter ei slik tragisk hending, at alle aktørar går gjennom alle sine system og rutinar for å sjå om det er noko som kan gjerast betre i framtida.

– Det er vi allereie i gang med, seier Forfang.

Er vanskeleg å garantere seg mot slike hendingar

– Kunne UDI gjort noko annleis i framkant av denne tragiske saka?

– Eg trur ikkje at ein kan garantere seg mot slike hendingar som det vi har bak oss. Det er svært mange asylsøkjarar i Norge, det bur 16.000 i asylmottaka, og i løpet av dei siste ti åra har vi fått over 100.000 asylsøkjarar til Norge. I lys av dei tala er slike hendingar veldig, veldig sjeldne. Det er veldig tragisk når det først skjer, men heldigvis skjer det veldig sjeldan, seier Forfang.

Han legg til at det som er vanskeleg, er å vite på førehand kven det er som utgjer ein slik fare.

– I dette tilfellet hadde vi ingen indikasjonar på at denne personen var farleg, før dette skjedde. Det er noko av den verkelegheita vi lever i. Det er ikkje alltid lett å identifisere slike farar på førehand, seier Forfang.

Har ikkje sett store endringar

Statssekretær Gulati (Frp) i Justisdepartementet seier at ein del av det som kommunen har komme med av nye punkt når det gjeld asylpolitikk, det passar ganske godt inn i det som Høgre og Frp har tenkt å gjere i regjering.

– Eg ser positivt på det, og eg har også ein avtale med justisministeren, så i løpet av nokre veker, skal eg ha eit møte med han også. Eg håpar eit samla Storting kan vere med på å gjere nokon fornuftige endringar med tanke på etablering av asylmottak rundt om i kommunane, seier Årdal-ordførar Lægreid.

Sjølv representerer han Arbeidarpartiet, og det var den raudgrøne regjeringa som hadde ansvaret for asylpolitikken fram til valet.

– Er det slik at Høgre og Frp har ein asylpolitikk som ligg nærare opp til det Årdal kommune meiner, enn det den førre regjeringa hadde?

– Nei, det vil eg ikkje seie. Eg har heller ikkje sett dei store endringane endå, så vi får sjå kva eit samla storting kjem fram til, seier Lægreid.