Hopp til innhold

Vil ikkje trekkje seg som Fjord1-sjefar enno

Styreleiar i Fjord1, Reidar Sandal, har enno ikkje teke stilling til om han vil trekkje seg frå stillinga. Heller ikkje administrerande direktør Daginn Neteland vil ta den vurderinga enno.

Dagfinn Neteland og Reidar Sandal

KRITISKE: Styreleiar Reidar Sandal (til høgre) og administerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland, er langt spakare i tonen etter salet enn dei var før. Her hadde dei nett kome med krass kritikk til fylkespolitikarane ei veke før vedtaket om sal.

Foto: Grete Roska / NRK

Leiinga i Fjord1 har lenge flagga at dei var imot å selje Fjord1 til Torghattan. Måndag kveld var salet likevel ein realitet, etter at 16 mot 15 stemmer i fylkestinget gjekk for sal.

– Vi hadde eit anna råd frå styret og administrasjonen her, men vi må berre akseptere at det ikkje vart følgd, seier administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland.

– Inga krisestemning i Florø

Vurderinga om Fjord1 skulle seljast eller ikkje har gått føre seg i over eitt år. Fjord1-leiinga har fleire gonger ytra seg om at deira synspunkt strir mot fylkesrådmannen sitt råd om å selje. Til tider har kritikken frå Fjord1-leiinga vore svært krass mot Fylkeskommunen si handtering av saka.

No seier både Neteland og styreleiar Reidar Sandal at dei tek avgjerda til etteretning. Begge har åtvara mot å selje Fjord1 til sin største konkurrent, Torghatten, men tysdag morgon vil ikkje Neteland gå i djupna på kva konsekvensar som kan vente Fjord1.

– Eg trur ikkje det er rette dagen i dag og spekulere i det. Eg synest vi skal bruke litt tid på det. Det er inga krisestemning i Florø i dag. Vi held oss til den avgjerda som er teken, og så får vi sjå korleis vi skal handtere dette, seier han.

Held korta tett til brystet

Trass i den spente situasjonen mellom Fjord1-leiinga og Fylkeskommunen i samband med salet, har ingen av dei har teke stilling til om dei kjem til å gå frå stillingane sine.

– No vart dette vedtaket gjort i fylkestinget i går kveld og vi har ein del ting føre oss som må avklarast. Styret skal vi også rådføre oss med. Eg vil ikkje trekkje nokre endelege konklusjonar no. Vi får bruke litt tid på å vurdere situasjonen. Det er faktisk selskapet sitt beste som tel her også. Det er ei forplikting som vi som tillitsvalde og administrerande direktør ha. Det ansvaret kan ein ikkje springe frå på ein dag som dette, seier Sandal.

– Dette var ikkje den situasjonen vi ønskte og det er vi heilt opne på. Vi hadde veldig klare synspunkt på kva vi meinte var best for selskapet. Framleis har vi det ansvaret, så den vurderinga kjem, men den kjem ikkje i dag, seier Neteland.

– Korleis blir det å drive selskapet framover?

– Vi driv forretning på same viset. Den avgjerda som fylkestinget har gjort vil setje sine merke etter kvart, men vi skal gjere det vi kan for å ivareta selskapet sine interesser på best mogleg måte, og så får oppfølging og avklaring kome i tur og orden, seier Sandal.