Hopp til innhold

Vil ikkje ta samlingsstaden frå bygda

– Bygdefolket vil kunne nytte Vadheim Fjordhotell som samlingsstad, sjølv om det kan bli mottak for 40 flyktningar.

Grete Apelseth

HAR LUKKAST: Grete Apalseth hos Norsk Folkehjelp seier at Vadheim Fjordhotell framleis vil vere tilgjengeleg for lokalbefolkninga. – Vi ynskjer å ha ope mottak også i Vadheim der vi kan samarbeid med lokalbefolkninga slik at ein best mogleg kan komme ut av det, seier ho.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Forsikringa kjem frå Grete Apalseth i Norsk Folkehjelp etter at ei gruppering av innbyggjarar ser på moglegheitene for å kjøpe fjordhotellet.

Ho forstår likevel at innbyggjarane er redde for å miste samlingsstaden og møtestaden.

– Vi ynskjer å komme i møte med og snakke samhandling av bygget, slik at bygget kan vere møteplass for lokalbefolkning og asylantar, både saman og kvar for seg, seier Apalseth.

Vil ha hotellet

Onsdag stilte om lag 100 av kring 200 innbyggjarar i Vadheim på eit folkemøte der tanken om å kjøpe fjordhotellet vart lufta. Leif Arne Fureli er ein av sju personar som står bak initiativet.

Leif Arne Fureli

VIL KJØPE: Ei gruppering i Vadheim ynskjer å kjøpet fjordhotellet. – Vi ynskjer at vi framleis skal ha ein samlingsplass i bygda som kan brukast ved gravferder og større tilstellingar, seier Leif Arne Fureli.

Foto: Privat

Han seier dei ynskjer å behalde samlingsstaden i bygda, som dei kan nytte ved gravferder og større tilstellingar .

– Vi har allereie tatt godt i mot mange asylsøkarar og flyktningar, og har ikkje noko vondt å seie om dei. Vi har hatt ein kjempepositiv oppleving av dei her i Vadheim, men for oss er det viktig å ha eit hotell i bygda, sa Fureli då NRK omtala saka tidlegare i veka.

Viser til Jølster

Apalseth, som også er leiar ved Jølster Asylmottak på Vassenden, meiner ein har lukkast med å kombinere bruken av mottaket i Jølster.

Vadheim fjordhotell

SENTRALT: Eigarane har 14 rom som ikkje er i bruk ved Vadheim Fjordhotell og ynskjer å samarbeide med Norsk Folkehjelp om eit asylmottak.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Her har dei arrangert julebord, konfirmasjonar, blåturar og firmaturar samt invitert til lokalbefolkninga på kulturkveldar, bingo, filmframsyningar og kafear.

– Vi ynskjer at lokalbefolkninga skal komme inn i mottaket, ta ein kopp kaffi og snakke om laust og fast. Og eit godt samarbeid for integrering i mottaket og lokalmiljøet, seier ho.

– Men er det moglegheit for å kunne arrangere tilstellingar, som til dømes gravferd, der ein ynskjer å vere i fred og ro?

– Vi har ikkje lagt inn tilbod på 60 bebuarar, men 40, og det er andre etasje som blir brukt som overnatting. Salane blir der framleis, og det vil ikkje komme opp andre veggar enn trekkspelveggane som er der. Alt er mogleg å få til ved eit samarbeid.