Rein taktikk, hevdar Helgesen. - Det er ikkje haldbart å ha det slik i lengda. Greitt nok at dei har argument for ikkje å kome på ein enkelt debatt, men å ha det som ein gjennomgåande strategi å unngå EU-arrangement er å føre veljarane bak lyset, meiner Helgesen.
Selje Senterparti inviterte Høgre sin førstekanditat til Stortinget, Mathias Råheim, til EU-debatt 9. mai, saman med andre parti og representantar frå næringslivet og fiskarlaget. Men debatten vart avblåst etter at Råheim trakk seg. Då forsvann nei-folka også.
- Er ikkje eit EU-val
Helgesen ringde Råheim for å spørje kvifor han ikkje stilte. Og då var beskjeden av EU-saka ikkje var ei valkampsak.
Matias Råheim seier sjølv at dette ikkje er eit EU-val. Han meiner dei kan stille spørsmål som har med EU å gjere i lag med alle andre spørsmål i ein paneldebatt. Der er han villig til å svare. Råheim seier Senterpartiet tradisjonelt har scora på EU-spørsmålet. Han meiner dei gjerne kan arrangere slike debattar, men han vil ikkje stille opp på det.
Solberg jobbar for EU-medlemsskap
Likevel har Høgre-leiar Erna Solberg vore svært så tydeleg på at Høgre vil jobbe for at Norge kjem inn i EU allereie i løpet av neste stortingsperiode.
Liv Signe Navarsete i Senterpartiet meiner Råheim sine argument er syltynne. - Det er litt hyklerisk i forhold til veljarane når ein på landsmøtet seier at dette er eit mål som er overordna alle andre politiske mål i kommande periode, seier ho.