Hopp til innhold

Vil ikkje ta attval

Senterparti-ordførar Anders Ryssdal i Gloppen tek ikkje attval. Det skriv Firda Tidend. Gloppen har i lang tid vore ein av dei sterkaste SP-bastionane i landet. Ryssdal har site som ordførar i fire periodar, men meiner tida no er moden for nye krefter å sleppe til. Han ønskjer likevel å stille som kandidat til Fylkestinget.