Hopp til innhold

Kraftkommunar vil ikkje lenger sponse andre med millionar - vil ha pengar tilbake

Kraftkommunane Vik og Aurland er lei av å sponse fylkeskommunen med mange millionar, utan å få noko særleg att.

Marta Finden Halset/Vik

SKEPTISK: Ordførar Marta Finden Halset i Vik meiner kraftpengane burde vore øyremerka distriktet dei kjem frå.

Foto: Pressefoto/Bjørn Sæbø

I fjor tente fylkeskommunen 75 millionar kroner frå overskotskrafta til 5 kommunar her i fylket. Ordførar Marta Finden Halset (Ap) i Vik meiner desse pengane burde vore øyremerka distriktet dei kjem frå.

– Desse kommunane som har betalt med store naturinngrep, dei bidreg med store ressursar til storsamfunnet. Det er ikkje meir enn rett og rimeleg at vi skal få tilbakebetalt noko frå storsamfunnet.

Vil at pengane skal komme alle til gode

Åshild Kjelsnes

VIL AT ALLE SKAL FÅ: I fjor tente fylket 75 millionar på såkalla overskotskraft frå fem kommunar. Fylkesordførar Åshild Kjelsnes seier pengane skal komme alle til gode.

Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Ordføraren i Vik er lei av at fylket hentar ut store inntekter samstundes som fylkeskommunen knapt har aktivitet i bygda. I fjor tente fylket 75 millionar på såkalla overskotskraft frå fem kommunar. Årsaka er at Bremanger, Vik, Aurland, Luster og Lærdal ikkje får alle konsesjonskraftinntektene sjølve på grunn av få innbyggarar.

I Hordaland har der i mot slike inntekter gått til utvikling i den regionen dei kjem frå. Det førte mellom anna til pengar til Hardangerbrua. Men fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Åshild Kjelsnes frå Ap, er ikkje interessert i å gjere det same.

– I Sogn og Fjordane har det vore ein anerkjent politikk i mange år at dei midlane som fylkeskommune har rett til å ta ut, skal komme heile fylket til gode, seier Kjelsnes.

– Det er mange som skor seg

Noralv Distad

SEIER MANGE SKOR SEG: Også ordførar Noralv Distad i Aurland ønskjer at meir av pengane skal tilbakeførast.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Men trass skepsisen til fylkesordføraren, også Høgre-ordførar i Aurland, Noralv Distad, ynskjer at fylkeskommunen skal føre pengane tilbake til regionen.

Det er mange som skor seg godt på kraftutbygging i Aurland. Det som ligg att i kommunen, er i høgste grad rettkomme. Det er kommunar med lite fylkeskommunale aktivitetar, så eg tykkjer det er noko som bør vurderast. For å få gjort noko med det, må vi ha fleirtal i fylkestinget, seier han.

Men fylkesordførar Åshild Kjelsnes avviser framlegget. Ho meiner fylkeskommunen har rett til å bruke pengane som dei vil.