Hopp til innhold

Vil ikkje slå saman kommunar

Ordføraren i Gaular meiner folk ikkje er klare for å bli med i ein storkommune.

Jenny Følling

VIL IKKJE: - Det er for stor usemje om kommunesamanslåing til at debatten kan takast no, seier ordførar i Gaular, Jenny Følling.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

- Tida er ikkje moden for å sette i gang ein prosess for samanslåing av kommunane i Indre Sunnfjord, seier Gaular-ordførar Jenny Følling.

- Trur det er stor usemje om saka

Gerd Dvergsdal

VIL IKKJE: Ordførar i Jølster, Gerd Dvergsdal, vil ikkje ta opp kommunesamanslåing som tema på kommunehuset i Jølster.

Foto: NRK

Følling meiner det er bra at dei politiske partia diskuterer tema, men ho vil ikkje sette saka på den kommunale dagsorden enno.

- Den saka er noko umoden enno. At partia diskuterer det er greitt. Men eg kjem ikkje til å setje den på dagsorden no. Vi må sjå kva som skjer med samhandlingsreforma og eg trur også at folk er usamde om kommunesamanslåing eller ikkje, seier Følling.

Vil ha saka i valkampen

Lokallagsleiar Turid Håheim Hestad i Gaular Senterparti meiner at kommunesamanslåing bør komme på den politiske dagsorden igjen og gjerne bli eit tema i valkampen.

Hestad får støtte frå lokallagsleiar Jan Herstad i Naustdal.

Kommunane rundt Førde avviste samanslåing ved ei folkerøysting i 2003.

Herstad understrekar at ein må ha innbyggjarane med seg, men han meiner omsynet til å utvikle Førde som sterkt regionsenter må vere ein viktig del av debatten.

Vil ikkje ta i saka no

Jan Herstad

VIL: Jan Herstad, tidlegare ordførar i Naustdal for Senterpartiet, er klar for å diskutere kommunesamanslåing.

Foto: NRK / NRK

Men Følling står på sitt. Ho trur ein debatt om kommunesamanslåing no vil splitte.

- Det vi treng er å samle. Og vi treng å ha eit godt samarbeid i Sunnfjord. Det har vi hatt dei siste åra, og vi har fått til utruleg mykje.

Jølster er den tredje kommunen som naturleg høyrer med når ein tenkjer eit stor-Førde, men senterpartiordførar Gerd Dvergsdal seier saka ikkje er på dagsorden der.

Heller ikkje gruppeleiar for Jølster Arbeidarparti Atle Reidar Sandnes, vil ha saka på dagsorden no.

- Det vil ta tid

Følling er overtydd om at ei eventuell samanslåing av kommunar vil ta tid.

- Gjennom samarbeid kan eit tettare samarbeid mellom kommunane vekse fram. Men eg trur det vil ta tid, seier ordføraren i Gaular.