Hopp til innhold

Vil ikkje setje flyplassar opp mot kvarandre

Ordføraren i Ørsta meiner det er eit blindspor å setje flyplassane på Anda og Ørsta opp mot kvarandre. – Uansett er det uaktuelt å leggje ned flyplassen i Ørsta, seier han.

Rune Hovde

KRITISK: Ørsta-ordførar Rune Hovde (H) meiner det blir feil å setje flyplassane på Anda og i Ørsta opp mot kvarandre. Uansett er det totalt uaktuelt å leggje ned flyplassen i Ørsta, seier han.

Foto: Roar Strøm / NRK

Avinor har starta førebuingane mot neste Nasjonal Transportplan og vurderer å tilrå nedlegging av ein eller to flyplassar i Sogn og Fjordane. Sandane lufthamn er blant dei som er utsette.

Ryssdal provosert

Det er like langt frå Sandane til Ørsta som frå Ørsta til Sandane.

Anders Ryssdal
Anders Ryssdal

PROVOSERT: Gloppen-ordførar Anders Ryssdal (H) er provosert over at Avinor vurderer å leggje ned Sandane lufthamn. Det er like langt frå Sandane til flyplassen i Ørsta som omvendt, seier han.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Men Sp-ordførar i Gloppen, Anders Ryssdal, meiner Avinor kjem heil feil ut frå hoppkanten. Han viser til at Avinor sitt arbeid så langt er prega av grove faktafeil.

Ryssdal er kritisk til at Avinor legg opp til ei einvegskøyring mot Sandane lufthamn. Som eit døme viser han til at det er akkurat like langt frå Sandane til Ørsta som omvendt, utan at Avinor vurderer framtida til Ørsta Volda Lufthamn.

– Næringslivet i Nordfjord minst like mykje bruk for flyplassen på Anda som næringslivet i dei andre regionane har for sin flyplass, seier han.

Stiller seg undrande

Ordførar i Ørsta, Rune Hovde (H) meiner på si side det er feil å setje flyplassane i Ørsta og Anda opp mot kvarandre.

– At det er like langt frå Ørsta til Sandane som frå Sandane til Ørsta har ordføraren i Gloppen heilt rett i. Men derifrå til å dra flyplassen i Ørsta inn i ein debatt om kva flyplass som bør leggjast ned, blir heilt feil. Det er totalt uaktuelt å leggje ned flyplassen i Ørsta, seier Hovde.

Vil ikkje reise sørover

Ørsta Volda Lufthamn har hatt veldig sterk auke dei siste åra, og er no oppe 130.000 reisande i året. 40.000 reiser kvart år til og frå Sandane Lufthamn. Bakgrunnen for den sterke auken ved Ørsta Volfa Lufthamn er dei nye vegsambanda mot ytre søre Sunnmøre og Kvivsvegen som knyter Nordfjord nærare Sunnmøre.

Sunnmøringane vil ikkje dra heilt til Sandane for å ta fly.

Rune Hovde

– Ørsta Volda Lufthamn har 10 daglege rundturar til Oslo og det er stort sett mange som reiser med kvart fly. Dei som brukar Ørsta Volda Lufthamn vil ikkje ta ferje sørover for å ta fly frå Sandane, seier han.

– Men har flyplassen dykkar kapasitet til å ta imot heile Nordfjord dersom flyplassen på Sandane skulle bli nedlagt?

– Flya har 39 seter og det seier seg sjølv at det er relativt fullt på dei mest populære tidspunkta på morgonen og ettermiddagen. Men med fleire flypassasjerar må vi ha fleire flyavgangar. Så enkelt er det, seier Hovde.

Widerøe-fly

FLYTRAFIKK: Det er dragkamp om flyplasstrukturen i fylket. I verste fall kan to flyplassar bli lagde ned.

Ønskjer ikkje nedlegging

Ørsta-ordføraren legg til at han ikkje har noko ønskje om at Sandane lufthamn skal leggjast ned.

– Eg forstår godt at ordføraren i Gloppen kjempar for flyplassen sin og vi har ikkje noko ønskje om at flyplassen på Anda skal leggjast ned. Men det er ingen logikk i å leggje ned den flyplassen det er klart mest trafikk og der det bur klart mest folk, seier Hovde.