Hopp til innhold

Vil ikkje meine noko om skule enno

Senterpartiet vil ikkje ta stilling til verken Hordalandsavtalen eller andre delar av skulebruksplanen for fylket enno.

Jenny Følling

VIL IKKJE LEGGE FØRINGAR: Jenny Følling seier ho ikkje vil meine noko i skulesaka enno.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Onsdag er det møte i fylkesutvalet og det er venta at saka om dei vidaregåande skulane blir sende ut på ei brei høyring, mest utan debatt på førehand.

Gruppeleiar i Senterpartiet, Jenny Følling, seier det er for tidleg å meine noko som helst om saka.

– Det er eit poeng når ein skal ha noko ut på høyring at ein ikkje har lagt avgjerande kort før ein har hatt den, seier ho.

Mange ventar spent på svar

Kva vidaregåande skular skal Sogn og Fjordane ha i framtida? Kor dei skal ligge, og kva tilbod skal dei forskjellige skulane ha? Dette er spørsmåla politikarane til slutt må finne svar på.

Skuledebatten har rasa i fylket sidan i haust. I samband med at elevtalet går kraftig ned dei komande åra, og fylkeskommunen får mindre pengar til vidaregåande skular, må dei gjere grep.

I dag finst det 13 vidaregåande skular, men om det blir like mange i framtida er slett ikkje sikkert. Nyleg la fylkesadministrasjonen fram eit høyringsdokument som viser at det må sparast mellom 72 og 97 millionar kroner.

I alle modellane blir det lagt opp til at Hordalandsavtalen skal vekk, og i Solund og Gulen er dei svært spente på om dette går gjennom. Avtalen gjer det mogleg for elevar i dei to kystkommunane å gå på skule i Austrheim i Hordaland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sogndal, Hafstad og Dale vidaregåande skular

SKULAR: Det er i dag 13 vidaregåande skular i Sogn og Fjordane. Det er usikkert om alle får leve vidare etter at politikarane har teke stilling i saka til våren.

Foto: NRK

Vil la alle kome til orde

I resten av fylket går også kampen om kva skular som skal leve og kva som skal leggjast ned. Overalt rustar elevar og andre seg til kamp.

Onsdag skal altså fylkesutvalet igjen sjå på saka. Dei er råda av fylkesadministrasjonen til å sende høyringsdokumentet ut på ei brei høyring, og det er venta at politikarane vil gjere dette. Og det vil dei gjere utan å seie så mykje om kva dei meiner på førehand.

– Det vert ein kjempejobb til slutt dette.

– Men vi trur det er greitt at ein får uttale seg om det som ligg her no, på eit breitt grunnlag, seier Følling.

Seier politikarane vil lytte

Og ho er klar på at politikarane må lytte til det som kjem fram når alle skal få seie sitt om framtida til dei vidaregåande skulane.

– Kjem det gode idear så vil vi prøve å ta det inn over oss. Det som er viktig er at resultatet blir at vi får ein skule som er godt tilpassa det elevgrunnlaget vi har og at vi greier ha ei breidde i tilbodet som gir ein viss valfridom, seier Sp-politikaren.