Hopp til innhold

Vil ikkje love tilskot til opprydding

VASSENDEN (NRK): Rasherjingane i Jølster og Hyen vil koste fylkeskommunen kring 50 millionar kroner. Samferdsleminister Jon Georg Dale seier dette er eit puslespel ein må sjå nærmare på etter kvart.

Jon Georg Dale og Oddmund Klakegg i rasområdet i Jølster

I JØLSTER: Samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp) vitja Jølster, på onsdag. Her saman med ordførar Oddmund Klakegg (Sp).

Foto: Bård Siem / NRK

– Me får sjå korleis kostnaden fordelar seg på dei ulike prosjekta, men me skal finne ut av dette og stille opp, seier samferdsleminister Jon Georg Dahle, som onsdag vitja Jølster.

Ei tung økonomisk byrde

Sidan 2010 har Sogn og Fjordane måtte betale over 200 millionar kroner i naturskadar. Når skadane frå uvêret førre veke i Jølster, Førde og Gloppen vert summert opp ender prislappen på over 50 millionar.

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) meiner det burde vere ei betre ordning for å dekkje opp rundt dei enorme økonomiske kostnadane som fylket står att med i etterkant av uvêret.

– Vi ser at vi må betale mykje meir enn resten av landet, så me ønskjer å få ei naturskadeordning som kan gje oss ei betre ramme.

Følling meiner det er først og fremst er viktig å få i gang ei slik ordning for å betre sikkerheita på rasutsette område i fylket.

– Me ynskjer å kunne bruke pengane til betre førebygging og vedlikehald enn det me har, seier ho.

Ynskjer å ta sin del av ansvaret

Samferdsleministeren, som seier han er opptatt av korleis gjenoppbygginga av dei rasutsette områda skal organiserast, vil ikkje love at fylkesordføraren får innfridd ønsket sitt. Han seier andre ting vil verte prioritert før dei eventuelt kan sjå på ei slik ordning.

– I denne fasen er det viktig å sikre vegnettet og gjere det me kan slik at me ikkje opplever nye uhell i etterkant av dette, seier han.

Som ein del av etterarbeidet er ministeren klar på at utfordringane skal løysast i fellesskap.

– Arbeidet er i gang og må fullførast slik at alle tek si del av ansvaret, noko me er innstilte på å gjere, seier han.