Hopp til innhold

Vil ikkje love rassikring

I går kveld vart E39 stengt i fleire timar, etter at ein stor steinblokk rasa ned frå fjellsida mellom Sandane og Byrkjelo. Steinen trefte vegen mellom ein personbil og eit vogntog. Påtroppande varaordførar i Gloppen meiner Statens vegvesen no må sikre staden. Avdelingsdirektør for Statens vegvesen i Sogn og Fjordane, Sven Egil Finden, seier det vil bli jobba med å evaluere om området er rasfarleg. Likevel kan han ikkje love at sikringstiltak vil bli sett i gang. – Me må vurdere korleis me ønskjer å prioritere midlane me har tilgjengeleg. Det finst vegar i Sogn og Fjordane der det rasar ned steinar kvar dag, så det er ikkje sikkert me kjem til å sikre dette området som til vanleg ikkje er spesielt rasutsett, seier han.

Svenn Egil Finden
Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK